Hopp til innhold

Ekstern evaluering av milliardsmell på Bybanen

Kostnadssprekken på ein milliard kroner for bygginga av bybanen mellom Fyllingsdalen og Bergen skal evaluerast av eksterne konsulentar. Dette vedtok Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland i dag. Tre gonger det siste halvåret har det kome meldingar om store overskridingar. Prislappen har dermed kome på om lag 10 milliardar kroner. Korleis saka skal evaluerast blir avgjort av fylkestinget i haust.