– Vi må i større grad sjå etter hjelp i familie og nettverk. Det beste for desse barna er å kome til nokon dei kjenner frå før, og vi treng hjelp av familiane, seier direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Mari Trommald.
1614 barn er tvangsplasserte i beredskapsheimar i Norge. Auken på akuttplasseringar er på nær 70 prosent sidan 2008. Bufdir ber tanter, onklar eller andre pårørande om å tilby ein heim til barn som ikkje lenger kan bu heime.
Valdssakene aukar mest
I år intensiverer direktoratet arbeidet med å rekruttere heimar. Nesten 2000 er klargjorde som fosterheimar eller beredskapsheimar på Vestlandet. 90 er akuttheimar for barn og 40 heimar er for ungdom.
– Vi er svært uroa for veksten i akuttplasseringar, seier Trommald.
Det er valdssakene som aukar mest, og då har ikkje barnevernet mykje tid til å finne ein passande familie.
– Nokre gonger blir barnevernet kjend med valden gjennom opplysningar barnet gir. Det gjer at vi er nøydde til å handle akutt. Vi har ikkje tid til å greie ut saka medan barnet framleis bur heime, seier leiar i fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane, Jørund Tvedt.
– Barnehagepersonell, lærar eller fotballtrenar
I Sogn og Fjordane er auken akuttplasseringar på 150 prosent. I desember vart 13 barn tvangsflytta. Sjølv om det må skje fort, er målet likevel å finne heimar barnet kjenner frå før.
– For barna er det beste om vi kan finne ei lokal løysing eller ei løysing der nokon barnet kjenner kan ta vare på det. Det kan vere barnehagepersonell, ein lærar eller ein trenar på fotballaget, seier Tvedt i fosterheimstenesta.
To av dei mange tvangsplasserte barna bur på ein gard i Sogn og Fjordane. Beredskapsmora har teke imot 50 barn på 13 år, og prøver å stable kvardagen på beina med skule og familieliv. Ho kjenner ikkje barna som kjem.
– Det er synd dei ikkje får vere med dei biologiske foreldra. Men som eg seier til barna: «de har mammaa og pappaen dykkar uansett kvar dei måtte bu». Eg trur barnet, inst inne, ser at det er greitt å få ein annan heim ei stund, seier mora, som vil vere anonym.