Hopp til innhold

Har vore "mor" for 50 barn på 13 år

– Dei treng ein klem og bli sett, seier "mora" som er beredskapsheim. I Norge bur 1614 barn i beredskapsheim fordi dei biologiske foreldra ikkje får ha dei heime.

Stadig fleire barn treng tilbod om ei beredskapsmor. Denne dama har hatt over 50 barn heime hjå seg.

Foto/redigering: Tveit/Johansen

– Det har verkeleg teke av dei siste åra. Det er nok fleire barn enn før som treng ein akuttheim, seier ei beredskapsmor i Sogn og Fjordane som ikkje vil stå fram med namn for å verne om barna.

Mamma til 50 barn på 13 år

Ho har gjennom sine 13 år har teke imot 50 barn som ikkje kan bu heime hos sine biologiske foreldra sine.

– Det er ikkje bra at det aukar slik. Dette er barn som verkeleg treng å bli sett, klemma og som ikkje får vere barn i heimen sin. Det er bra at det vert fanga opp og barnevernet tek tak i desse sakene, seier ho.

Flest barn under fem år

Sigrun Gilleshammer

50 PÅ 13 ÅR: – Eg er klar til å ta imot fleire barn, seier beredskapsmora.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Berre i Sogn og Fjordane har auken vore på nesten 150 prosent på få år. Landstala er også urovekkjande. Nær 70 prosent auke sidan 2008 får fleire til å reagere.

– Det er klart vi synest dette er urovekkjande tal, seier Mari Trommald, direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Veksten har vore størst for barn under fem år. Det er også valdssakene som aukar mest.

– Vi er uroa for den veksten vi ser, og vi veit at dei fleste av desse barna skal heim til sin biologiske familie etter dette. Det er krevjande for alle, seier Trommald.

Fleire grip inn tidlegare

Trommald trur auka fokus på barnevernssaker er ei forklaring på auken i saker.

– Det har vore auka merksemd i media på barnevernssaker, men vi veit ikkje om det er årsaka.

Det dei veit er at personar som ser og jobbar med barn fortare enn før grip inn i saker der dei mistenkjer omsorgssvikt.

– Dei som jobbar i politi, barnehage og barnevern handlar fortare enn før.

– Har barnevernet kapasitet til å handtere denne auken?

– Det er utfordrande når det aukar slik, men dei som har ansvaret for dette strekkjer seg langt for å klare dette, seier Bufdirdirektøren.

Stor mangel på heimar

Mari Trommald, direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

UROA: Mari Trommald, direktør i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er uroa over at talet på barn som treng akuttplassering berre aukar.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

Med auken i saker, aukar også behovet for heimar som kan ta imot barna.

– Det er ikkje bra om barnet må vente lenge for å få hjelp, men det er viktig å prøve så langt det lét seg gjere å unngå akuttplasseringar.

Bufdir vil gjerne at nær familie og vener rundt barnet i langt større grad enn tidlegare skal kunne hjelpe når barnet ikkje lenger kan bu hos dei biologiske foreldra.

Gjennom fleire år har det blitt arbeidd aktivt med å rekruttere familiar til fosterheimsteneste eller til å bli beredskapsheimar. Dette arbeidet aukar no.

– Behovet er stort, og vi må rekruttere fleire heimar for å klare å få dette til, seier Trommald.

Plasserte 13 barn før jul i Sogn og Fjordane

I november og desember vart 13 barn tvangsplasserte i akuttheimar i Sogn og Fjordane.

– Vi har ikkje opplevd så mange saker på så kort tid før. Vanlegvis har vi fem slike saker i året. Det vart krevjande for alle å handtere den situasjonen, seier Jørund Tvedt, leiar i Fosterheimstenesta i Sogn og Fjordane.

For fylket har berre fem akuttheimar. Og barna trengde ein heim.

– Vi måtte tenkje annleis og prøve å finne heimar til barna gjennom fosterheimar og familie. Det vart mange som fungerte som akuttheimar då, fortel Tvedt.

Dei fekk det til. Men det er ikkje ei god løysing. Korkje for barnet eller familiane som plutseleg vert beredskapsheim.

– Det vart verkeleg hektiske døgn, men vi fekk det til, seier Tvedt.

Likegyldige barn

Jørund Tvedt

MÅTTE SNU KVAR STEIN: Før jul vart 13 barn tvangsplasserte i Sogn og Fjordane. Leiar i fosterheimstenesta Jørund Tvedt har aldri før opplevd liknande, og måtte ta i bruk alternative heimar for å få klare å plassere alle barna.

Foto: Privat

Med 13 års erfaring veit beredskapsmora kva som skal til for å trygge barna som kjem. Men ho er forundra over at barna i så liten grad viser reaksjonar på at dei vert tvangsflytta.

– Det er rart at dei ikkje viser meir kjensler. Det er få som gret for eksempel.

– Kva trur du er grunnen?

– Eg veit ikkje, men kanskje er dei vande med å bu andre stader enn heime. For dei er det vanleg og kanskje er dei litt likegyldige til sin eigen situasjon. Mine eigne biologiske barn hadde reagert kraftig dersom dei vart tekne vekk frå heimen her. Det er jo naturleg, seier beredskapsmora.

Glad for at barna vert oppdaga

På loftsrommet på garden hennar står det to senger, alltid klare til å ta imot nye barn. Akkurat no bur det eit søskenpar der. Ei jente og ein gut under ti som kom før jul.

Det er mange barn som treng hjelp og vern. Og det er ofte søskenflokkar som kjem.

– Det er ikkje bra at det aukar slik. Men det er bra at det vert fanga opp og barnevernet tek tak i desse sakene.

Rår andre til å opne heimen sin

Beredskapsmor

KVARDAG: For beredskapsmora på ein gard i Sogn og Fjordane er det viktig å lage trygge kvardagar for barna som kjem til ho.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Ho meiner jobben som beredskapsmor gjev henne mykje.

– Eg vil råde andre til å tenkje gjennom om det er aktuelt å bli beredskapsheim eller fosterheim. Ein vert kjent med veldig mange barn, fosterforeldre og ein lærer utruleg mykje.

Ho vert som ei ekstra mamma for barna som kjem.

Ho har byssa på alt frå spedbarn på ein månad, til å ha teke imot 17-åringar i heimen sin. Saman med mannen og dei tre biologiske barna vert dei ein ekstra heim som er trygg.

– Det er synd at barna ikkje får vere med dei biologiske foreldra sine. Men eg seier til dei at uansett kvar dei bur, så har dei sine biologiske foreldre.

– Eg er ikkje mamma. Eg kan ikkje erstatte den biologiske mora deira. Men eg er ein person som er viktig for dei, og det betyr noko for barna som kjem hit.