Hopp til innhold

Eksplosiv auke i tal pipebrannar

Det har vore tre gonger så mange pipebrannar i Sogn og Fjordane i løpet av dei ti første dagane i år, som det var i same periode i fjor.

Pipebrann

PIPEBRANN: Pipebrannar kan vere farlege, dersom varmeutviklinga blir så stor at det byrjar å brenne i innvendige veggar. I løpet av årets ti første dagar har det vore tre gongar så mange brannar som tilsvarande periode i fjor.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

I løpet av helga har det vore seks pipebrannar i Sogn og Fjordane.

- Ver påpasseleg ved fyring

Berre i løpet av årets ti første dagar har det vore tre gonger så mange pipebrannar som på same tid i 2009.

No ber Greger Nyheim ved brannalarmsentralen i Florø folk om å vere påpasselege når dei fyrer.

- Det er ikkje sikkert folk gjer noko spesielt feil. Men det kan vere gamle piper, nokon brukar kanskje rå ved og nokon fyrer generelt med for lite trekk slik at det dannar seg sot og bek innvendig i pipa. Nå det er kuldeperiode og folk fyrer hardt, kan dette antenne, og då får vi pipebrannar, seier Nyheim.

Steng trekken ved brann

Nyheim oppmodar folk med vedfyring om å fyre med tørr ved, opne for god trekk og leggje innpå lite ved i slengen.

- Kva skal ein gjere dersom ein opplever pipebrann?

- Det beste og enklaste er å stengje trekken på alle eldstader i huset, ringe 110 og varsle brannvesenet og trekkje ut av huset, seier Nyheim.

I verste fall kan ein pipebrann utvikle svært stor varme, noko som kan medføre at innvendige veggar tek fyr.