Hopp til innhold

Eksotisk dans på Torgallmenningen

Mykje moro, trass i at verdsrekordforsøket ikkje lykkast.

Video Zumba-fest i Bergen sentrum

GOD STEMNING: Folk i alle aldre blei med då Bergen skulle prøve å setja verdsrekord i Zumba flash mob. Her Tonje Andersen og mormor Anny.

- Eg håpar på masse folk, god stemning og at vêret held seg nokonlunde. Og så håpar eg at me med dette kan la ballen rulle vidare, slik at andre kan bli inspirert til å gjere det samme, sa zumbainstruktør og leiar for verdrekordforsøket, Renate Iversen, til NRK.no før rekordforsøket.

- Eg trur zumba slår an fordi det er lett å vere med på. Det spelar inga rolle om du er 16 eller 70! Og så blir ein veldig glad av å trene det, seier ho.'

Fekk med seg mormor

Verdsredkord i såkalla Zumba flash mob vart det ikkje, men oppmøtet var veldig bra, trass vêret. Iversen seier ho gjerne gjer eit nytt forsøk ein annan gong.

Tonje (20) og Ingelin (18) Andersen har tatt med mormor Anny Karensdatter Tennebekk (68) på zumba.

- Eg kjenner instruktøren og ville vere med for å støtte opp om arrangementet. Og så tipsa me mormor og fekk ho med også, seier Tonje.

- Eg elskar å danse

Mormor var ikkje direkte vanskeleg å be.

- Eg elskar å danse, så dette måtte eg jo berre bli med på, seier Anny.

Tonje og Ingelin Andersen med mormor Anny på zumba-dans

DANSA MED MORMOR: Tonje (t.v.) og Ingelin trengte ikkje be mormor Anny lenge om å vere med på dans.

Foto: Ingvil Aaen Torpe / NRK