Eksamenssystem oppe og går att
Eksamenssystemet Visma InSchool er oppe og går att for alle brukarar, opplyser pressekontakt Lage Bøhren i Visma.
– Det var oppe og stod att rundt klokka tolv. Løysinga er igjen tilgjengeleg for alle elevar, seier Bøhren.
Problemet oppstod i dag tidleg, då mange skulle logga seg inn samtidig. Systemet blir brukt for å informera om kva fag elevane har kome opp i.
– Me beklagar sjølvsagt at dette har skjedd, seier Bøhren.