Hopp til innhold

Trøbbel med eksamenssystem

Visma InSchool har omfattande driftsproblem fredag føremiddag.

«Vi er kjent med utfordringer med å logge seg inn i Visma InSchool. Vi arbeider intensivt med å løse denne feilen», skriv Visma på nettsidene deira.

Over 270.000 elevar skal opp til eksamen på ungdomsskular og i vidaregåande skule i vår, skriv VG. I dag er den store trekkdagen for å vite kva fag ein skal ha eksamen i.

Utan tilgang til systemet veit verken elevar eller lærarar kven som har blitt trekt i kva.

– Problemet oppstod rett og slett fordi for mange skulle logge seg inn på same tid, seier Lage Bøhren, kommunikasjonssjef i Visma Norge.

– Dette er sjølvsagt beklageleg. Vi jobbar med å løyse problemet.

Visma har no opna systemet for tilsette, men elevar kan framleis ikkje logge seg inn. Klokka 10.28 skriv Visma at enkelte tilsette opplever problemer, og at desse må forsøke på nytt seinare.

Ved at tilsette har tilgang, kan skulane på eiga hand samle informasjon om kva fag dei forskjellige elevane skal opp i, ifølgje Bøhren.

Eksamenstrekk
Foto: NRK-tipsar