Hopp til innhold

Eitt tilfelle av svineinfluensa

Fem pasientar er lagde inn på Førde sentralsjukehus med influensa. Ein av desse har truleg svineinfluensa.

Reidar Hjetland

OVERLEGE: Reidar Hjetland seier sjukehuset sidan desember har registrert 17 influensa tilfelle. Av desse er fem lagde inn ved sjukehuset. Ein av desse har truleg svineinfluensa.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Så langt har Helse Førde påvist 17 tilfelle av influensa. Reidar Hjetland, som er overlege på mikrobiologisk avdeling, seier at berre ein av desse har påvist svineinfluensa.

– På Vestlandet ser det ikkje ut som om det er svineinfluensa-varianten av influensaen som dominerer, seier han.

Lite i vest

Svineinfluensaen ser ut til å ha råka Sør- og Austlandet hardast denne sesongen. Berre på Ahus har dei hatt over 70 pasientar med svineinfluensa.

I Sogn og Fjordane er det type A av sesonginfluensaen som ser ut til å vere mest utbreidd, seier Hjetland.

– Sidan desember har vi hatt 15 tilfelle med influensa A, og to med influensa B. Svineinfluensaen er ein undertype av A-influensaen. Ut i frå dei metodane vi har, så trur vi det berre er eitt tilfelle av svineinfluensaen, seier han.

Fem lagde inn

Anne Hellebust, einingsleiar i Smittevernet, seier til Helse Førde sine nettsider at fem pasientar er lagt inn med influensa.

– Blant dei fem pasientane er det to med influensavirus A, og tre med influensavirus B, seier ho. Det er teke prøvar av alle dei influensasmitta, men alle prøvane er ikkje ferdig analyserte.

Positive prøvar blir sendt vidare til Folkehelseinstituttet for å finne ut om det er svineinfluensa.

430.000 dosar vaksine

– Desse testane tek gjerne eit par veker å få svar på, men i Førde er vi i ferd med å etablere ein spesifikk test for dette viruset, seier Hjetland.

For sesongen 2012-2013 har Folkehelseinstituttet sendt ut knapt 412.000 doser sesonginfluensavaksine til kommunane for bruk til risikogruppene.

I tillegg er det sendt ut kring 20.000 vaksinedoser for bruk til ikkje-risikogrupper, skriv Folkehelseinstituttet.

– Ikkje for seint

Vaksinen beskyttar mot alle de tre ulike influensavirus som sirkulerar blant landets innbyggjarar.

Folkehelseinstituttet opplyser at det framleis ikkje er for seint å vaksinere seg.

– Det er eigentlig ingen siste frist for å vaksinere seg så lenge det er influensasesong, men jo tidlegare jo betre. Best effekt får ein først ei til to veker etter at vaksin er sett, sier Marianne Bergsaker, overlege ved Folkehelseinstituttet.

Følg hygieneråd

Ho rår personar i risikogruppene som vart vaksinert i influensasesongen 2011-2012 om å vaksinere seg på nytt denne sesongen.

Dette fordi vaksinar mot sesonginfluensa gir kortvarig beskyttelse, samt at personar i risikogruppene kan ha noko svekka immunrespons ved vaksinering på grunn av grunnsjukdom eller alder.

På sentralsjukehuset i Førde oppmodar Hjetland folk om å følgje vanlege hygieneråd.

– Som å ikkje hoste eller nyse på andre når ein er sjuk, og oppsøk lege når ein trur ein har behov for det. Influensa er alle vande med, vi har epidemiear kvart einaste år, seier han.