Hopp til innhold

Eitt oppgjer i 3. divisjon

Førde tok sin fjerde strakesiger i 3. divisjon då dei tysdag slo eit sterkt Sogndal 2-lag på bortebane.

Fotball illustrasjon.

Illustrasjon

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde vann 3-1 over eit lag med spelarar som Lukaz Nadolski, Lennox Kanu, Kristian Brix, Kai Risholt og Henrik Furebotn frå start.

Kampen er i gang.

40 min. Heimelaget har festa grep om kampen og har kome til ein del avslutnigar. Førde har også hatt sine sjansar i kampen.

45 min. Det er pause og 0-0. Kampen er jamspelt. Førde opna kampen godt og har hatt eitt forsøk redda på streken og ei avslutning like utanfor mål. I tillegg var Steinar Tenden ein centimeter for kort på eit innlegg frå venstre. Sogndal hadde ein kjempesjanse med Lennox Kanu.

60 min. Andre omgang har starta med sjansar for begge lag. Nærast var Kai Risholt som fekk ei avslutning redda på streken.

62 min. 0-1 Alexander Hjelmeland Rygg. Hjelmeland Rygg har vore på bana i fire minutt og allereie fått gult kurt og eitt mål. Headar ballen i bue over keeper og i mål. Sogndal meinte målet var offside.

65 min. 0-2 Alexander Hjelmeland Rygg set inn sitt andre mål for dagen. Det er klabb og babb framfor mål, men innbyttaren får knalla inn sitt andre mål for dagen får kort hald.

70 min. 0-3 Øystein Vetti. Frispark frå vel 20 meter. - No har det rakna for Sogndal, seier NRK sin utsende.

90 min. 1-3 Kai Risholt. Den tidlegare Hønefoss-spelaren headar inn heimelaget sitt trøystemål etter eit innlegg.

90 min. Kampen er slutt. Førde er framleis einaste 3. divisjonslag utan poengtap.