Onsdagens Påske Jam var den 20. i rekka, men også den siste.
– Vi føler at vi har nådd mettingspunktet for konseptet. I dette formatet, så er det siste. Det er vemodig, men vi ynskjer å stå friare til å gjere andre konsept, med mindre arbeid og meir kos for oss, seier Erling Paul Eikemo.
– Mest gode minner
Det er Musikklubben Askesus som har stått for arrangementet som no har gått over i historiebøkene. Det heile byrja julehelga 1994, og avslutta påskehelga 2014. Det skulle gje 40 jam-arrangement.
(Artikkelen held fram under videoen)
SJÅ VIDEO: Vi følgde Erling Paul Eikemo, Einar Alsaker og Rikard Herland gjennom den siste påskejammen. (Foto/Redigering: Johan Moen)
I år stod Grand Prix, Sunday Morning og Yum Yum Boys på programmet. Tradisjonen tru, vart det ein suksess.
– Vi har mest gode minner og vi har hatt utruleg mykje moro undervegs, fortel gjengen bak arrangementet.
14.000 billettar
GOD STEMNING: Billettprisen har gått frå 50 til 300 kroner på 20 år, utan at publikum sviktar påskejammen.
Foto: Askesus musikklubbDei har veksla mellom Holmedal og Askvoll som arena, og det var bygdehuset i Holmedal som fekk setje punktum.
Arrangørane har brukt all fritid dei siste par vekene for å setje eit best mogleg punktum. Opp gjennom tida har musikklubben hatt 14.000 besøkande innom dørene desse to høgtidene, og dei vedgår at responsen har vore tilfredsstillande.
– Betalinga sjå at folk har det kjekt og let vel etterpå. Då føler du at du får litt att for alt arbeidet du har lagt ned, seier Eikemo.
MYKJE FOLK: Heller ikkje i år svikta publikum påskejammen.
Foto: Askesus Musikklubb