Hopp til innhold

Eit lite skår i sigersgleda

Brann var innfridde og slo Bodø/Glimt 4-2. Men to profilar måtte forlate bana på båre.

Rodolph Austin
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Azar Karadas var den fyrste av Brann-spelarane som måtte ut på båre.

Etter berre 22 minutt kasta han seg ned på graset etter å ha slått ei pasning.

Rodolph Austin klarte 41.minutt før han hamna på båra. Skaden oppstod etter ei takling frå ein Glimt-spelar.

Rett på røntgen

Begge spelarane hadde allereie vore til røntgen før kampen var slutt. Og

Azar Karadas

SKADD: Azar Karadas pådrog seg ein strekkskade i eit leddband.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

tilbakemeldingane var heldigvis av den bedre sorten.

Azar Karadas fekk påvist ein mindre strekk i et leddbånd i kneet.

Rodolph Austin hadde ingen brot i sin ankel og kan vere tilbake på bana om ikkje lenge.

NRK Hordaland sin ekspertkommentator, Geirmund Brendesæter, meiner skadane ikkje vil ramma Brann så hardt.

- Det er god dekning for begge desse spelarane i Eirik Bakke og David Nielsen.

Kanonstart

Brann fekk den best moglege starten på kampen då dei fekk straffe etter berre fire minutt.

(artikkelen fortset under bildet)

Olafur Bjarnason

SIKKER: Olafur Örn Bjarnason ordna 1-0 frå straffemerket.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Olafur Örn Bjarnason var sikker frå krittmerket og skaut Brann i leiinga.

Les om kampen minutt for minutt!

Men botnlaget i gult kom seg inn igjen i kampen etter halvspelt omgang. Det kan dei takka Håkon Opdal for. Han missa på ein enkel ball og Thiago Martins var nådelaus.

Brann brukte berre nokre minutt til å koma i leiinga igjen. Denne gongen var det Rodolph Austin som skåra.

Brann auka leiinga to gonger før Bodø/Glimt fekk eit trøystemål på overtid.