Hopp til innhold

Ein smeltedigel av studentar

Det har aldri vore fleire utanlandske studentar ved sjukepleiarhøgskulen i Førde som kullet som starta i januar. Blant dei 58 studentane finn ein folk frå sju forskjellige nasjonalitetar.

Høgskulen i Sogn og Fjordane - avd. Førde

FLEIRKULTURELL SKULE: Heile sju nasjonar var representerte i det nye kullet; Russland, Somalia, Afghanistan, Tibet, Sri Lanka, Iran og Norge.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Eva Marie Halvorsen

NØGD DEKAN: Eva Marie Halvorsen meiner det er positivt med mangfald i studiemiljøet.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Sjukepleierhøgskulen i Førde er den einaste høgskulen i landet som har inntak i januar. Dette gjer at det kjem studentar frå fjern og nær som søkjer på skulen.

- Me tykkjer det er veldig kjekt at studentar med utanlandsk bakgrunn kjem hit, seier Eva Marie Halvorsen, dekan ved avdeling for helsefag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Ho meiner det både bidreg til studiemiljøet og ikkje minst viktig i høve til dei utfordringane helsevesenet står overfor.

- Dei kan vere brubyggjarar mot den neste generasjonen av eldre, som kjem på sjukehus som kanskje ikkje er så dyktige i norsk, seier Halvorsen.

Språket ein utfordring

Halvorsen seier leiinga ved skulen samarbeider med andre lærestader for å leggje undervisninga betre til rette for studentar med utanlandsk bakgrunn.

- Me er veldig opptatt av å følgje dei tett når dei kjem til oss. Utfordringa før har vore at dei utanlandske studentane ikkje har hatt god nok språkforståing, seier ho.

Halvorsen understreker at ho ikkje har merka noko til språklege utfordingar i dette kullet. Om dei treng ekstra hjelp, så stiller lærarane opp for å ta dei i mot på kontora sine.

Kjem med ballast

Somaliske Nora Achmed Elmi seier det er mykje som står i vegen for at mange innvandrarar vel å ta høgare utdanning.

- Somaliske folk har kome frå eit land der det er krig. Mange har ein stor ballast med seg. Sjølv om mange kjem til Norge med store draumar og ambisjonar, så er det mykje som drar deg tilbake - for eksempel det å sende pengar og å hjelpe familien i heimlandet.

- Det er dessverre vanskeleg for mange å nå det punktet der dei kan seie til seg sjølve: "No står eg her. Kva vil eg gjere?"

Nynorsk

Nora Elmi er i tillegg nøydd til å forhalda seg til det at undervisninga foregår på nynorsk.

- Det er store krav til å kunne norsk for å kunne gå her. Men i tillegg må me i Førde forhalde oss til nynorsk. Me får ikkje norskopplæring på nynorsk når me kjem til landet, så det er ein ekstra utfordring for oss. Det er berre å prøve trur eg, ler Elmi.