Hopp til innhold

Ein person sikta etter bustadbrann i Bergen

Ein leilegheit er utbrent og fire personar vart sendt til legevakt etter bustadbrann i Fana natt til laurdag.

Brann bergen

UTBRENT: Ei leilegheit er utbrent etter brannen i natt.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Ein person er sikta etter ein bustadbrann i Fana i natt.

Det var i 5-tida laurdag morgon at naudetatane rykte ut til ein brann i ei lågblokk i Apeltunlien i Fana i Bergen.

Det brann godt og flammane velta ut frå balkongen i ei av leilegheitene.

Kring 40 minuttar seinare var brannen meldt sløkt.

Ein person i arresten

I lågblokka er det til saman 14 leilegheiter, og ingen er meld sakna.

Politiet har gjort undersøkingar på staden og har oppretta sak.

Ein person er arrestert etter brannen, opplyser politiadvokat Trine Benedikte Opdal. Han er sikta for aktlaus framkalling av fare for allmenta.

Brann bergen

RASKT KONTROLL: Brannen var sløkt raskt.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Vi vil forsøke å ta avhøyr av han i løpet av dagen, seier Opdal.

Brannårsaka er ikkje klar, og Opdal ønsker ikkje å gå inn på fleire detaljar i saka.

– Kritisk situasjon

Det var stor dramatikk på staden, fortel innsatsleiar frå brannvesenet Ivar Kvant.

– Det var ein litt kritisk situasjon. Nokre hadde vanskar med å evakuere på grunn av mykje røyk i gangane.

Ein bebuar måtte evakuerast ved hjelp av stigebil, medan andre blei vist ut av brannvesenet via gangane i blokka.

Fire personar vart sende til legevakt og Haukeland universitetssjukehus etter brannen for sjekk. Skadeomfanget på desse er ukjend.

Brann bergen

MATERIELLE SKADER: Leilegheita brannen starta er utbrent ifølge brannvesenet. Dei jobbar for å minske skadar elles i bygget.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Nokre av bebuarane kan gå inn i heimane sine, medan andre kanskje må vente ei stund, ifølge Kvant:

– Vi jobbar med å få lufta ut røyk og avgrense skadane i bygget. Men enkelte må kanskje finne ein anna stad å vere det neste døgnet, seier han.