Hopp til innhold

Båtbrann i Korsfjorden

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein person redda frå brennande båt.

Politiet fekk melding om båtbrannen klokka 13.23 søndag ettermiddag, fortel Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

– Det er snakk om ein fritidsbåt på 28 fot som står i brann like utanfor Korsneset i Fana, seier Kronen til NRK.no like etter klokka 13.30.

Det var ein person ombord i båten då den byrja å brenne. Han vart redda over i ein anna båt som var like ved.

– Han forsøkte først å slukke brannen, men det vart for mykje røyk og flammar til at han klarte det sjølv, seier Kronen.

Brannvesenet rykka ut med to båtar til staden.