Hopp til innhold

Éin mann tar på seg skulda for bomba

Politiet på Voss har i løpet av helga hatt fleire avhøyr, og har også ransaka fleire adresser for sprengstoff. Fire er sikta i saka.

Bombe Voss

HEIMELAGA BOMBE: Denne bomba, ei granat og sprengstoff av sivil og militær karakter vart funne på Voss førre veke. Ein mann har tatt på seg skulda for å ha laga bomba.

Foto: Politiet

Funn av sprengstoff på Voss

FANN SPRENGSTOFF: Grunna eit narkotikafunn vart fleire stader på Voss ransaka, og politiet fann mellom anna ei heimelaga bombe og sprengstoff.

Foto: Arsalan Photography

– Ein av dei sikta har tatt på seg ansvaret for å ha laga bomba, og me meiner me har rett person som har laga bomba, seier Håvard Skattum, politibetjent i Voss lensmannsdistrikt.

To menn og ei kvinne i 20-årene blei førre veke sikta for eit narkotikafunn som førte til at bustaden deira blei ransaka.

Det førte til at politiet fann ei heimelaga bombe ei granat og militært sprengstoff på fleire adresser på Voss. 20 personar vart evakuert, og politiet søkte i helga etter meir sprengstoff.

– Me trur ikkje det er meir sprengstoff på avvege, og me trur at me har fått tak i det som vart tatt vekk, seier Skattum.

Fire sikta i saka

Granat Voss

GRANAT: Sprengstoff av både sivil og militær karakter vart funne på Voss.

Foto: Politiet

Seinare vart to menn i 20-åra også arrestert, og dermed er fire personar sikta for tjuveri og ulovleg oppbevaring av sprengstoff.

Dei to først arresterte er i tillegg mistenkt for brot på brann- og eksplosjonsvernloven og våpenlova, på grunn av bombefunnet i bustaden dei to eig saman.

– Alle er sikta for at dei har tatt vekk eller medverka til å ha tatt vekk sprengstoff, og i tillegg er nokon av dei sikta for narkotikabrotsverk, seier Skattum.

Han opplyser at siktinga mot dei to siste som vart arrestert har blitt svekka gjennom avhøyra i helga.

– Det er framleis ein del etterforsking igjen med fleire vitneavhøyr, og analyse av det me har funne, legg Skattum til.