Ein mann i drukkenskapsarrest

I Sogndal vart politiet tilkalla til ein serveringsstad der ein overstadig rusa mann skal ha vore ufin med beteninga. Politiet fekk kontroll på mannen som skal både ha sparka og spytta. Han sit no i drukkenskapsarrest, melder Vest politidistrikt.