– Eg kosar meg skikkeleg. Vi har prøvd å teikne i 3D-program og det var utruleg lærerikt. No vurderer eg å velje TIP (Teknikk og industriell produksjon) som studieretning vidare, seier Adelheid K. Breidvik.
Ho pussar på ein aksling for å få plass til hjulet på det som i morgon skal bli ein bil.
– Målet er at dei skal lage ein bil med elektromotor. Den skal berre gå rett fram, vi har fjerna alt som heiter styring, seier instruktør Espen Kirketeig.
Stor interesse, bratt læringskurve
Ungdommane sit bøygd over kvar sitt arbeid på den nest siste dagen på leiren, som er arrangert av Pro – Opplæringskontor for industri- og teknologifag i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Kirketeig går rundt og gir råd og vink. Til vanleg studerer han til å bli automasjonsingeniør.
– Det går ut på å få ting til å verke av seg sjølv, slik som denne 3D-roboten vi har her, seier han og viser fram ein robot i full sving med å printe ut motorfester av plast.
Oppskrifta har ungdommane sjølve teikna, og prentaren har fått ein kode dei har programmert inn.
Interessa var der frå før, men læringskurva har vore bratt, seier fleire av deltakarane.
Eit alternativ til idrettsskule og speidarleir
Målgruppa er ungdom i 9. klasse, og rekrutteringa har gått føre seg via informasjon til ungdomsskulane og ikkje minst Facebook, fortel Jorun Eide Kirketeig, dagleg leiar i Pro.
– Kvifor arrangerer de ein slik leir?
– Vi ønsker at ungdom i Sogn og Fjordane skal ha eit ekstra tilbod på sommaren, ei veke med spennande utfordringar. Vi trur at dette er eit tilbod som ungdom som kanskje ikkje vil delta på idrettsskule eller speidarleir kan ha interesse for, og det ser ut som vi har hatt rett. Leiren i Førde var kjapt full.
Dei har brukt nokre studentar i heile vinter som har vore med dei på rekrutteringskampanjar rundt omkring på utdanningsmesser. Dei jobbar no som instruktørar på leiren.
Vi synest det er kjekt å kunne bidra til at studentar får relevant sommarjobb – dei seier at det er så kjekt at det er litt ferie også, seier Kirketeig.