Hopp til innhold

Betalar ein million kroner for ein god idé

Går du svanger med ein god forretningsidé, men ikkje har økonomiske musklar til å fullføre den? Då bør du lese her.

Kristin Maurstad

PÅ LEIT: Kristin Maurstad er på jakt etter den rette gründeren, med den rette ideen. Vedkommande får ein million kroner.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

For utviklingsselskapet Innovatitt i Måløy har starta årets gründerjakt. Håpet er å finne fram til den gode ideen som gir eit nytt tilskot til suksesshistoria Måløy.

Den rette ideen og den rette gründeren vil dei investere ein million kroner i.

– Vi har vore kjende for å vere innovative, risikovillige, nytenkande og for å satse på gründerar med gode idear. No vil vi igjen ut og leite, seier dagleg leiar Kristin Maurstad.

Søkjer rett idé

Innovatitt vart etablert i mai 2013, og er utviklingsselskapet til det såkalla Måløy-miljøet. Miljøet består av ei gruppe verksemder innanfor maritim og teknologisk næring i Måløy.

– Fokuset for Måløy-miljøet har vore maritim og teknologisk næring, og vi søkjer primært etter nokon som kan komplettere dette, seier Maurstad.

– Vi har ikkje tette skott, så dersom det er andre gode idear, så tek vi i mot alt. Vi har eit godt og nært samarbeid med både Nordfjord Vekst og Innovasjon Norge, så dersom vi ikkje kan bruke ideen sjølve så sender vidare til andre verkemiddel, legg ho til.

Treng ikkje heftig CV

I tillegg vil Innovatitt yte økonomikompetanse, styrekompetanse, hjelp til kreativ tenking, kontorfasilitetar med meir.

– Det må vere noko nytenkande og noko som kan utviklast til ei verksemd. Vi har ikkje sett krav til om det skal vere eit produkt, teneste eller kvar ein er i prosessen. Ein må rett og slett komme med noko veldig glupt, seier Maurstad.

Den heldige vinnaren får moglegheit til å dyrke fram ideen i eit unikt miljø av gründerar, investorar og eit godt nasjonalt og internasjonalt nettverk.

Har sett søknadsfrist

– Vi leitar etter mennesket med den beste ideen, ikkje nødvendigvis den mest imponerande CV-en, legg ho til.

Den som meiner å ha ein god idé, vert oppmoda om å sende epost til Maurstad, eller å ta turen innom kontoret i Måløy. Frist for innspel er 31. august.

– Lag gjerne ein kort filmsnutt som synleggjer ideen, avsluttar ho.