Hopp til innhold

Ein fekk inndrege autorisasjonen

Ein tilsett innan helsesektoren i Sogn og Fjordane fekk i fjor inndrege autorisasjonen sin.

Tal frå Statens helsetilsyn viser at dei i fjor kalla tilbake til saman 95 autorisasjonar og gav 97 åtvaringar til helsepersonell.

I Sogn og Fjordane var det ein arbeidar som fekk inndrege autorisasjonen sin, medan ein person fekk avgrensa lisensen sin. I tillegg fekk fem tilsette innan helsesektoren i fylket ei åtvaring.

Statens helsetilsyn reagerte også mot ei verksemd etter pliktbrot.

I dei fleste tilfella der tilsynet har kalla tilbake autorisasjonane er dette på grunn av misbruk av rusmiddel og åtferd som ikkje går saman med det å vere helsearbeidar.

Slik åtferd omfattar mellom anna tjuveri av legemiddel, eller handlingar både i og utanfor tenesta som svekker tilliten til helsepersonell i så stor grad at ein blir ueigna. Dette er til dømes vald mot pasientar og narkotikabrotsverk, skriv Helsetilsynet i sin rapport.