Hopp til innhold

Ein av ti styreleiarar er kvinner

Kun 11 prosent av aksjeselskapa her i fylket har kvinneleg styreleiar. Og rundt styreborda er berre ein av fire medlemer kvinner.

Banksjef Arvid Andenæs og styreleiar Trude Brosvik.

Trude Brosvik - ein av få kvinnelege styreleiarar i Sogn og Fjordane. Her saman med banksjef Arvid Andenæs.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Det er kvinnedag og statistikken viser at damene framleis har noko å kjempa for.

Tal Innovasjon Norge har fått frå Proff Forvalt viser at berre 11 prosent av aksjeselskapa i Sogn og Fjordane som tener over ein millon kroner har kvinneleg styreleiar. Rundt styreborda er kun kvar fjerde medlem kvinne.

Lite nøgd med situasjonen

Leiar for kvinnesastinga til Innovasjon Norge, Hjørdis Vik, seier dei gjerne skulle sett at det talet var høgare. Dei jobbar for å betre den situasjonen.

- Rekruttering av styreverv veit vi skjer mykje gjennom nettverk. Menn har større profesjonelle nettverk enn det kvinner har, og så er det veldig lett å seie at ein ikkje finn kvinner som er flinke nok, seier Vik.

Kvinner aktive på kurs

For å få opp kvinnedelen har Innovasjon Norge i tre år halde kurs for folk som ynskjer å skaffe seg kompetanse til å ta på seg styreverv. Halvparten av dei 150 deltakarane er kvinner. Jurist Bente Hermansen i Førde er ein av deltakarane som no jobbar med å få ein styreplass. Men ho seier det ikkje alltid er så lett

- Eg trur det eigentleg kan vere litt vanskeleg. Du er eigentleg avhengig av å vere aktiv sjølv, du kan ikkje sitje å vente på at noko kjem og spør. Du må promotere deg på eit eller anna vis.