Hopp til innhold

Eid Arbeidarparti sov i timen: – Det var rett og slett eit arbeidsuhell

Eid Arbeidarparti stemte for å flytte vekk ferjeavløysingsmidlar frå sin eigen kommune for å finansiere kystvegen. Men det var berre fordi dei ikkje følgde med i timen.

Siri Sandvik

TABBE: – Dette blei ei utruleg dum sak, og eg må vere ærleg å seie at det er rett og slett ei tabbe frå mi side, seier Siri Sandvik etter at ho stemte for saka om kystvegen utan å følgje med.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Dette blei ei utruleg dum sak, og eg må vere ærleg å seie at det er rett og slett ei tabbe frå mi side. Det var to saker som vart slått saman, og eg var ikkje vaken nok i timen rett og slett, seier Siri Sandvik i Eid Arbeidarparti.

Arbeidarpartiet sitt fylkesårsmøte vedtok ei fråsegn om kystvegen. Eit forslag som kom frå dei tre kystkommunane, Vågsøy, Bremangar og Flora.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti skal halde fram arbeidet med å få realisert kystvegen mellom Måløy og Flroø. Dette inkluderer i første omgang Svelgen-Indrehus, deretter kryssing av ytre Nordfjord (Rugsund-Vemmelsvik) med bru eller ferje, med tilførselsvegar.

Årsmøte, Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Fekk ikkje fremja sitt forslag

Nedst i grunngjevinga stod at finansieringa kan bestå av bompengar fylkeskommunale midlar, og statleg medfinansiering lova av den nye regjeringa. Dersom ein vel bruløysing over ytre Nordfjord, vil ferjeavløysingsmidlar for sambanda Måløy-Oldeide og Stårheim-Isane kome i tillegg.

Utsendinga frå Eid følgde ikkje godt nok med og Sandvik fekk dermed ikkje fremja sitt forslag om å ta ut denne setninga frå vedtaket. For utanom den setninga tykkjer ho det er eit greitt vedtak.

– Sjølv om vi no var uheldige, dumme, eller kva ein no skal kalle det, så betyr ikkje det at vi kjem til å jobbe for at vi skal leggje ned ferjesambandet Stårheim-Isane, seier Sandivk.

Eit viktig ferjesamband

Ho forklarar at det ein enno ikkje veit om det fagleg sett er mogleg å bruke ferjeavløysingsmidlar frå det ferjesambandet, på ei bru som skal liggje heilt ute på kysten.

– Det er jo mykje som står att der, og det vil jo vi framleis jobbe i mot. Både mot vårt parti og mot fagetatane. No har ikkje eg tala i hovudet, men det er mykje større trafikk på ferjesambandet Stårheim-Isane enn Oldeide-Måløy, seier ho.

For Eid kommune sin del, kan Sandvik fortelje at de ert veldig mange som bur i Ålfoten, Davik og det området som dagleg pendlar til Eid.

– For dei vil det jo vere ei dramatisk forverring dersom ferja forsvinn og dei må reise heilt ut til havet for å komme seg på jobb.

Rett og slett eit arbeidsuhell

I forslaget til dei tre kystkommunane står også følgjande:

Realiseringa mellom Måløy og Florø er svært viktig for både næringsliv og busetnad i regionen. Vegen er også ein del av kystvegen Ålesund-Bergen, og vil i tillegg knyte saman kystbyane Måløy og Florø, gje betre kommunikasjonar til sterke næringsklyngjer langs kysten, som til dømes Sunnmøre. Samtidig vil innbyggjarane i ytre Nordfjord få kortare reisetid til helsetenester og andre tilbod i Førde.

Sandvik skuldar på seg sjølv når ho stemte for at midlar frå ferjesambandet i kommunen skal gå til kystvegen.

– Det var rett og slett eit arbeidsuhell og eg kan ikkje skulde på nokon andre enn meg sjølv. Det var utruleg dumt, men slett ikkje det eg meiner, seier Sandvik.

Årsmøtet vedtok også at hyppigare avgangar og ferjemateriell som tåler kraftig vind må prioriterastpå ferjestrekninga Måløy-Oldeide.