Ei veke utan fasttelefon

Verksemda Nessemaskin på Nessane i Balestrand har vore utan fasttelefon sidan fredag, og Telenor kan ikkje love at dei får att sambandet før komande fredag. – Dette er uakseptabelt og skaper store problem for Nessemaskin, seier dagleg leiar Ingunn Myrhol. Det er brot på ein sjøkabel som er årsaka til at verksemder og privatabonnentar på Nessane er utan fasttelefon.