Hopp til innhold

E39 kan bli flytta til Stryn

Strategisjef i Statens vegvesen region midt, Kjetil Strand meiner reisetida vil bli kortare om dette skjer.

Lote

Bilistar vil spare tid om dei reiser om Stryn på E39 meiner Statens vegvesen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Strand meiner at med ei opprusting og brukryssing i indre vil det gå langt raskare å reise frå Sunnmøre til Førde og Bergen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Brannfakkel

- No vert det arbeidd med å finne ferjefri kryssing i Nordfjord, og då må vi sjå på alle alternativ. Det ligg potensiale i innspart reisetid her. Og det er mogleg å spare opp mot ein halvtime, seier strategisjef i Statens vegvesen region midt Kjetil Strand.

Og då kan E39 bli flytta frå Eid til Stryn.

Brannfakkelen frå øverste hald i vegvesenet i Midt-Norge kjem samstundes som Statens vegvesen region Vest skal utgreie kva veg E39 skal gå mellom Skei og Kjøs bru i Hornindal.

Den utgreiinga skal vere ferdig i år. I midtre Nordfjord jobbar dei med å krysse fjorden med bru, men Strand meiner altså at E 39 bør ha den kortaste ruta, og eit alternativ er då at den flyttast gjennom Stryn med bru over fjorden og tunnel gjennom Utvikfjellet.

Vil ikkje flytte

Men fylkesleiar i Senterpartiet og leiar i hovudutval for samferdsle på Fylkestinget, Knut M. Olsen likar dårleg ideen. Han seier trassen for E39 ligg fast. Han meiner det er eit poeng av vegen ikkje berre skal gå raskast mogleg gjennom Nordfjord.

- Det er viktig at E39 går gjennom befolkningstette område, og ikkje berre går raskast mogleg gjennom Nordfjord, seier han.

Han påpeikar at det er mange som bur langs vegen no, og som treng det.

- Det er viktig å ha to tankar i hovudet samstundes her. Vegen skal betjene befolkninga som bur langs vegen, og dette samsvarar også med det staten signaliserer, seier han.

Persontrafikk gjennom Stryn

Statens Vegvesen har lagt fram tal som syner at mesteparten av persontrafikk frå Nordmøre og Romsdal sørover mot fylket alt i dag går via riksveg 60 gjennom Stranda og Stryn. Dei trur også i framtida at persontrafikken frå Sunnmøre vil gå via Stryn.

Tungtrafikk til Lote- Anda

Men samstundes meiner dei at tungtrafikken framleis vil velge å gå mellom Lote og Anda. Det vil ta omlag seks-sju minutt kortare tid å køyre Olden-Innvik frå Kjøs bru etter Kvivsvegen. Då reknar vegvesenet ti minutt venting på ferja mellom Lote og Anda.