Hopp til innhold

Dyrare drivstoff svir for mange

Transporttenestene i Sogn og Fjordane kan bli dyrare. Drivstoffprisane har nemleg auka kraftig berre dei siste vekene.

Wilhelm Gjertsen

AUKA DRIVSTOFFPRISAR: Økonomisjef i Firda billag, Wilhelm Gjertsen, seier at transporttenestene kan bli dyrare.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

For transportbedriftene gjev kvart øre i prisauke utslag på budsjettet. Aukar prisen med ei krone, blir det fire millionar kroner på budsjettet til Firda Billag.

Den siste månaden har prisen på råolje auka kraftig. Ifylgje økonomisjef i Firda Billag, Wilhelm Gjertsen, kan transporttenstene i fylket bli dyrare framover.

– Det er konkurranse i marknaden. Men det viser seg at dersom prisen stig ein stad, så aukar dei andre også.

Mindre lønsame avtalar

Fylling av diesel

MERKBAR AUKE: Aukar literprisen med ei krone, så blir det fire millionar kroner meir å betale i året for Firda Billag.

Foto: Hans Kristen Hyrve / NRK

På nokre veker har prisen på råolje auka frå 82 til 88 dollar fatet. SAS og Norwegian har varsla at dei kanskje vil auke prisane på flybillettar. Men mange transportbedrifter har gjeldande avtaler som no kan bli mindre lønsame.

– Dei fleste avtalane vil vi tape pengar på når vi får auka dieselprisar, seier Roar Kårstad som er dagleg Kårstad transport AS.

Kundane forstår

Han seier at 20 % av utgiftene deira går til drivstoff. Kårstad seier dei kan koma til å auke prisane der dei kan. Likevel opplever han at kundane skjønar situasjonen.

– Det er ikkje kundane si skuld og dei er ikkje vrange. Mange har forståing for de som skjer.

Privatbilen største konkurrent

Prisauka treff heile næringa likt. Dermed kjem ingen mykje betre eller dårlegare ut enn andre. Likevel finst det ein motstandar som er vanskeleg å konkurrere mot.

– Vi tapar terreng i forhold til den største konkurrenten som er privatbilen. Kanskje det kollektive tilbodet har eit problem, seier Wilhelm Gjertsen i Firda Billag.