Hopp til innhold

Du kan tene mykje på bensinkrigen

I løpet av nokre få timar fyk bensinprisane opp med nesten to kroner. Du kan spare hundrelappar på å følgje med.

Bensinprisar i Førde

STORE SKILNADER: Biletet til venstre er teke søndag kveld utanfor Shell-stasjonen i Førde. Biletet til høgre syner dei same prisane midt på dagen måndag - etter at bensinstasjonane har pressa prisane opp igjen. I bakgrunnen ser vi Esso på andre sida av vegen.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Det er klart bilistane kan hente mykje på dette. Hadde det ikkje vore for konkurrentane, hadde vi lege på vanleg literpris, seier Jan Farsund ved Esso-stasjonen i Førde.

Måndag morgon var prisen for 95 oktan bensin i Førde nede i 10,49 kroner per liter, medan dieselen kosta 9,49 kroner for literen.

Klokka 13.30 same dag spratt prisane opp med bortimot to kroner: 95 oktan kosta plutseleg 12,27 kroner per liter, medan du måtte ut med 11,12 kroner for diesel.

Prisane går opp to gonger i veka

- Dette skjer to gonger i veka. Det er konkurransen med andre bensinstasjonar som gjer det, seier Magnor Hornnes ved Shell-stasjonen i sentrum sør.

Han forklarer vidare:

- Vi har fått beskjed om at vi skal vere prisleiande i Førde. Det gjer at vi set ned prisane to-tre gonger om dagen. Så løftar vi prisane torsdag og måndag - det er fast, seier han.

Shell sentralt bestemmer

Då NRK snakka med bensinsjefane i Førde måndag kveld, hadde prisane igjen gått noko nedover; no til høvesvis kroner 12,12 for 95 oktan og 11,12 for dieselen.

Og slik held nok prisane fram med å synke fram mot torsdag - då det kjem eit nytt prishopp.

- Vi har fått beskjed om at måndagar og torsdagar skal prisane opp til ein pris Shell avgjer sentralt, forklarer Hornnes.

- Kva mekanismer det er snakk om her, må du spørje Esso sentralt om. Vi i Førde justerer prisane våre etter konkurrentane, slik at vi heile tida er konkurransedyktige på pris, seier Farsund.

- Billegare enn i Bergen

Billegast drivstoff fyller du på tanken din på føremiddagane måndagar og torsdagar, skal ein tru Hornnes ved Shell i Førde.

- Eg veit om mange frå Bergen, som stoppar her for å tanke når dei køyrer forbi Førde - rett og slett fordi vi er billegare, seier han.

- Er ikkje situasjonen noko spesiell i Førde?

- Jo. Men vi har fått indikasjonar på at vi skal vere billegast, og då blir det slik, seier Hornnes.

Ekstrem priskrig i Førde

Shell og Esso i Førde ligg på kvar si side av Hafstadvegen i sentrum, og har til ei kvar tid full kontroll på prisane til konkurrenten.

Men også dei andre bensinstasjonane i sentrum er snare til å følgje prisnivået.

På det meste svingar prisane opp mot to kroner per liter. For den som følgjer med på prisane, kan det fort utgjere ein hundrelapp for ein full tank.

- Det verkar som om priskrigen er meir ekstrem i Førde enn andre stader. Men sånn er livet - det er ein kamp om litrane, seier Hornnes.

- Det er greitt for oss. Men det er klart; ein må følgje med heile tida, slik at vi er à jour, seier Farsund.

PS: LItt over klokka 21.00 måndag kveld var prisane nede i kroner 11,99 for 95 oktan og 10,85 for diesel.