TOLMODIGE: Alle hadde stilt fint opp, og venta tolmodig på at dronninga skulle komme.
NESTEN 17. MAI: Fjalerbuane flagga både med små og store flagg, og stemninga var høg før dronninga kom.
FEKK HELSE PÅ: F.v Joakim Janninge, Ragnhild Tveiten, Katrin Menchin, Agnes Ønnerstad og Hedda Skår Midtbø fekk helse på dronninga og slå av ein prat.
FINT FØLGJE: Fjaler-ordførar Arve Helle kom saman med dronning Sonja og fylkesmann Anne Karin Hamre til Flekke.
GOD MOTTAKING: Elevane visste å setje pris på at dronninga tok turen til skulen.
TOK BILETE: Mange nytta høvet til å dokumentere det storfine besøket.
I KLASSEROMMET: Dronninga vitja både biologi- og fysikk-klassen. Her er ho i biologiklassen, der Jelena Belamaric er lærar.
INTERESSERT: Dronning Sonja brukte om lag 20 minutt i kvar klasse, og tok seg tid til å høyre kva elevane jobba med.
SLO AV EIN PRAT: Dronning Sonja såg ut til å trivast under besøket på UWC i Fjaler.
HURRA, HURRA: Flekke barnehage gledde seg veldig til å få eit glimt av dronninga.
KLARE: Student Leonore Wünsche med grunnsteinen i skrinet. T.h. Ragnhild Tveiten.
GRUNNSTEINEN: Slik ser skrinet med grunnsteinen ut.
FEIRA DRONNINGA: Studentane stod i flaggborg for dronning Sonja då ho kom til UWC i dag.
FLAGGBORG: Elevane viste fram flagg frå alle landa som er representerte ved skulen.
FEKK HELSE PÅ: Student Leonore Wünsche helsar på dronning Sonja.
TALAR: Det var talar og underhaldning før dronninga skulle leggje ned grunnsteinen.
MUSIKALSKE INNSLAG: Bjørg Hansen frå Færøyane song O Gud som har din kirke. Ho hadde med seg fleire musikarar som er elevar ved skulen.
SIGNERTE: Dronning Sonja signerte før ho skulle leggje ned grunnsteinen til det nye bygget. Her saman med Øystein Våge frå Vestbygg og Arne Osland frå UWC.
LEGG NED GRUNNSTEINEN: Etter at dronninga hadde lagt ned skrinet med grunnsteinen, dekkja ho til skrinet med nokre skeier betong.
INTERVJU: Dronninga Sonja stilte opp for intervjua med pressa.