Hopp til innhold

Dramatikk for Håvard Hallerud i Andebu

Det vart dramatikk då Håvard Hallerud køyrde X30 Challenge Norway i Andebu laurdag.

Håvard Hallerud

PÅ PALLEN: Håvard Hallerud frå Førde køyrde til slutt inn til ein 2.-plass.

Foto: Hilde Hallerud

I andre innleiande runde skar nemleg motoren seg i go karten til 18-åringen.

– Akkurat då trudde eg ikkje at eg skulle klare å kome på pallen. Først fekk eg litt panikk og trudde det kunne vere innstillinga på forgassaren. Eg køyrde ferdig runden, og så døydde motoren heilt, seier Hallerud.

Men trass i ein litt demotiverande start bestemte Hallerud seg for satse alt. Før finaleomgangen skifta han motor, og det var kanskje eit lykketreff.

– Eg merka med ein gong at med den nye motoren så hadde eg meir å køyre med enn eg hadde med den motoren som skar seg.

Det vart dramatikk då Håvard Hallerud køyrde X30 Challenge Norway i Andebu laurdag.

FINALE: Det går unna på banen i Andebu

Skifta motor før finalen

Med litt ekstra piff frå ein ny motor klarte han å køyre seg opp frå 17.-plass til ein 6.-plass i første finale. I den andre finalen starta han som nummer seks og køyrde seg opp til ein 2.-plass.

– Eg er godt nøgd med resultatet med tanke på at eg skar ein motor, og at heller ikkje hadde heilt farten tidlegare på dagen.

– Trur du det kunne halde til siger, dersom du ikkje hadde vore uheldig innleiingsvis?

– Godt spørsmål, eg mangla nokre tidelar på rundane til halde følge med Martin Ellegård som vann. Han var rett og slett overlegen i fart i dette løpet, seier Hallerud.

Satsar i utlandet

Hallerud prøvde go kart for første gong som niåring på sommaridrettsskulen. Han vart biten av basillen, og no må han utanlands for å få god nok motstand. I løpet av sesongen blir det løp i Belgia, Tyskland og Sverige.

– I utlandet er det eit svært høgt nivå. Det er kanskje berre tre – fire tidelar som skil dei 20–30 første. Dermed er det veldig vanskeleg å halde følge, og dermed så vert eg og ein betre førar.

– Kva er det store målet?

– Målet er vel å sjå kor god eg kan bli. Det er ikkje nødvendigvis ein draum om Formel 1, men det å sjå kor langt eg kan nå, seier Hallerud.