Hopp til innhold

Dømt for drapstruslar på Facebook

Må i fengsel etter drapstruslar på Facebook mot namngjeven mann.

Facebook

Illustrasjonsfoto.

Foto: The Canadian Press, Sean Kilpatrick / Scanpix/AP

«Kjere ....... eg har nødt til drepe deg skal eg klare3 å bØgå videre i livet mitt du er de3n største à.. som finnss og er får ikkkje fred før du er død».

Dette er trusselen ein full mann i 30-åra skreiv på Facebook i januar, skriv Hardanger Folkeblad.

No må han i fengsel i 25 dagar, etter ein dom i Hardanger tingrett. Dommen gjeld og at han hadde skaffa seg og brukt amfetamin og tablettar, og at han køyrde bil i rusa tilstand.

Mannen opplyste at han ikkje kunne huska at han skreiv trugsmåla, men vedgjekk straffskuld.

Retten slår fast at trugsmåla må vera eigna til å framkalla alvorleg frykt fordi det vart trua med drap mot ein namngjeven person, med grunngjeving og at trugsmålet vart sett fram for eit relativt stort publikum - både hans eigne venner på Facebook og at meldingane hans er opne for kven som helst, skriv avisa.

Dommen ble gjort ubetinga på grunn av promillekøyringa.