Då den aktuelle saka kom for retten i oktober i år hadde det gått og eitt og eitt halvt år sidan lovbrota fann stad. I dommen tek sorenskrivar Steinar Velle eit sviande oppgjer med politiet.
Sjølv vil han ikkje kommentere den konkrete dommen, men i domspapira står det å lese at slik denne saka var lagt opp frå påtalemakta har den kosta samfunnet mykje og med magert resultat.
– Dårleg opplyst
Sjølve saka handlar om tre unge menn i alderen 16-18 år som natt til første mai i fjor var involvert i eit slagsmål i Sogndal sentrum. I den nyleg avsagde dommen skriv sorenskrivar Steinar Velle at saka for han framstår som dårleg opplyst. Verken dei tiltalte eller vitna var edru, og størstedelen av politiforklaringane er tatt opp først etter fem til seks månader – noko som i seg sjølv er kritikkverdig, i følgje Velle, og særleg med tanke på at det dreier seg om svært unge tiltalte.
Skifta påtaleansvarleg
Politiadvokat Ivar K. Iversen ved Sogn og Fjordane politidistrikt vedgår at det har tatt langt tid før saka kom for retten.
Iversen seier at noko av grunnen til at det gjekk så lang tid er skifte av påtaleansvarleg under vegs.