Hopp til innhold

Dømd for trugslar mot Sveinung Rotevatn

Ein mann i 50-åra frå Vestlandet er dømd til fengsel i 90 dagar etter å ha kome med trugslar mot klima og miljøvernminister Sveinung Rotevatn (V).

Stortingsmeldingen "Klimaplan for 2021-2030"

FEKK TRUGANDE MELDING: Ein mann i 50-åra er dømt for å ha kome med trugslar mot klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Berit Roald / NTB

Det kjem fram i ein dom frå Sogn og Fjordane tingrett.

Mannen skal ha sendt ei trugande melding til statsråden på Facebook i mai, der han mellom anna sa at Rotevatn «ville følgje han i grava».

Nordfjordingen i 50-åra er dømd til fengsel i 90 dagar, og må også betale sakskostnader på 5.000 kroner.

Uroa for eigen tryggleik

I meldinga mannen sende Rotevatn, kalla han statsråden for «landssvikar». Meldinga blei sendt få minutt etter at klimaministeren hadde vore med i eit innslag på Dagsrevyen.

Retten meiner det ikkje er tvil om at meldinga mannen sende er ein drapstrussel som var eigna til å skape alvorleg frykt.

Rotevatn har forklart for retten at han blei uroa for eigen tryggleik. Han kjenner ikkje mannen som kom med trugslane, og hadde ikkje opplysningar som tilsa at trugselen ikkje måtte takast alvorleg.

Har beklaga

Mannen forklarte i retten at han hadde drukke alkohol og ikkje hugsar noko frå hendinga.

Nordfjordingen har forklart at han ikkje hadde planar om å råke Rotevatn på noko vis, og at han ser det som «uforståeleg» at han skreiv meldinga.

– Han har erkjent fullt ut at det han har skrive er skremmande og at det er forståeleg at Rotevatn har reagert på innhaldet i meldinga, seier forsvarar Per Kjetil Stautland til NRK.

Stautland har ikkje hatt møte med klienten etter at dommen kom, men seier det førebels er lite som tyder på at dommen blir anka.

– Klienten min er for så vidt fornøgd med dommen. Han har erkjent straffskuld og har på det sterkaste beklaga det som skjedde.

Medfører strengt straffansvar

Stautland seier saka i stor grad har dreia seg om kva straffeutmålinga skulle bli. Påtalemakta kravde 120 dagar fengsel då saka gjekk i tingretten.

I retten blei det peikt på at det av allmennpreventive omsyn er viktig å gi eit tydeleg signal om at trugslar mot regjeringsmedlemmer medfører strengt straffansvar.

Mannen er tidlegare ustraffa. Det har verka formildande at han tilstod i første politiavhøyr. Retten legg også noko vekt på at mannen angrar på handlinga.

Høgare straffenivå

Statsadvokat Frederik G. Ranke seier dommen er den tredje på kort tid som etablerer eit høgare straffenivå for dei som trugar myndigheitspersonar.

– Det er vi tilfredse med, seier Ranke til NRK.

Statsadvokatembetet har hatt fleire slike saker dei siste åra som har hamna i retten.

– Det har vore eit jamt trykk av trugslar mot myndigheitspersonar sidan Facebook blei stort i Noreg. Sidan 2007–2008 har det vore ein merkbar auke, seier Ranke.

Statsadvokaten sender no si tilråding til Riksadvokaten, som avgjer om dommen skal ankast.