Hopp til innhold

Død person funnen i Bergen

Politiet har starta etterforsking etter funn av levningar i eit skogholt.

Død person funnet i Åsane

Krimteknikarar frå politiet er på plass ved skogholtet på Breistein i Åsane, nord i Bergen.

Foto: Ole-André lagmandokk / NRK

Politiet fekk melding om funnet klokka 14.16. Den avdøde er funnen i terrenget ved Breistein i Åsane, nokre kilometer nord for Bergen sentrum.

– Vedkommande er funnen av ein turgåar. Politiet er på staden og har starta undersøking, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit til NRK.

– Det er beinrestar som er funne. I tillegg er det funne noko klede i nærleiken, fortel innsatsleiar Dag Olav Sætre til NRKs reporter på staden.

Funnen i eit skogområde

Området er sperra av og at kriminalteknikarar er på plass. Klokka 16.30 har dei tatt seg ned til levningane for å gjera undersøkingar.

Politiet har elles få opplysningar om dødsfallet. Den avdøde er førebels ikkje identifisert. Personen er funnen i skogområdet like i nærleiken av Bjørgvin fengsel.

– Me har ingen indikasjonar på kjønn endå, men me er sikre på at det er eit menneske som er funne, seier operasjonsleiar Kolltveit til NRK.

Politiet arbeider med å sjekka funnet opp mot sakna personar i området.

Død person funnen i Åsane
Foto: OLE-ANDRÉ LAGMANDOKK / NRK

Rettsmedisinsk undersøking på måndag

Klokka 19.30 opplyser Kolltveit at krimteknikarane framleis er på staden og jobbar.

– Dei vil halda på litt til, og så skal me ha vakthald på åstaden i natt. I morgon tidleg tar me opp att undersøkingane, seier Kolltveit.

Den avdøde blir frakta til Gades institutt i kveld, kor det vil bli gjort rettsmedisinske undersøkingar måndag.

Politiet seier dei truleg ikkje vil komma med fleire opplysningar i saka før måndag.

død person funnen ved fengselet