Hopp til innhold

Vann begge kampane mot Tromsø

Førde Volleyballklubb spelte to kampar mot Tromsø i helga og vann begge.

Geir Eithun smashar knallhardt. Oslo Volley prøver å blokke.

SIGER: Førde vann begge kampane mot Tromsø i helga. Her smashar Geir Eithun knallhardt i ein tidlegare kamp mot Oslo Volley.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Laurdag vann Førde 3-1 med settsiffera 25-27, 16-25, 25-23, 19-25.

Ny siger for Førde

Også på søndag vann Førde kampen mot Tromsø. Denne gongen 3-0 med settsiffera 25-22, 25-17, 25-23. Og trenar Frank Roger Kalstad er godt nøgd.

– Det er nokre spelemessige ting vi må jobbe meir med, men resultatmessig er vi godt nøgde og vi sikra oss seks viktige poeng, seier Kalstad.

Med fem kampar og fem sigrar har Førde no sikra seg 14 poeng og tabelltopp. Like bak følgjer Nyborg med fire kampar spelt og 12 poeng.

Viktig kamp neste laurdag

Neste helg møter Førde nettopp Nyborg til kamp i Førdehuset. Det trur Kalstad vert ein jamn kamp.

– Det er ikkje gitt kven som vinn enda, men eg trur vi har gode moglegheiter, seier Kalstad.

No skal dei førebu seg til neste kamp med ei god treningsveke, og når kampen startar laurdag håpar Kalstad mange har møtt opp i Førdehuset for å heie.

– Mykje publikum som heiar og lagar litt leven gjev oss mykje energi og motivasjon.