Hopp til innhold

Distriktshotella vinn kampen om turistane: – Måtte kjøpe inn nye senger

GLOPPEN (NRK): Hotella i Distrikts-Noreg opplever enorm pågang i juli månad. Men i dei store byane er situasjonen heilt annleis.

Preben Moen, hotellsjef ved Gloppen hotell

EKSTRA SENGER: Hotellsjef Preben Moen pakkar ut ei nyinnkjøpt seng.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Vi har hatt fullt hus sidan pinse, og her er fullbooka fram til 15 august, seier hotellsjefen ved Gloppen Hotell Preben Moen.

10 juli kom den etterlengta beskjeden til turistnæringa: Frå og med 15 juli kan turistar frå ei rekke europeiske land endeleg besøke Noreg.

For hotellsjefen har derimot dei nye reglane lite å sei.

– I og med at vi har fulle hus no og fram til midten av august har ikkje desse endringane så stor betydning.

Måtte kjøpe nye senger

Til hotellet i Gloppen strøymer norske turistar til. Som eit midtpunkt mellom Ålesund og Bergen, kjem mange innom for ei overnatting før dei reiser vidare, fortel hotellsjefen.

Det er også mange turistar frå Austlandet. Hovudsakeleg er det par og familiar som besøker hotellet.

– Vi måtte kjøpe inn sju ekstra senger fordi her er smekkfullt med familiar, seier Moen.

Fleire i næringa melder om like høg trafikk. Ved Leikanger Fjordhotel har det også vore trongt om sengeplass.

– Vi måtte på Jysk og kjøpe nye senger, seier hotellsjef Emilie Pellegrino.

Fullt i Distrikts-Noreg

– Det er veldig gledeleg at nordmenn har vore så flinke til å bruke Distrikts-Noreg no i juli, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Ho seier at hotella ved mindre stader er stort sett fullbooka og det er knapt eit rom å oppdrive.

Devold seier at dette er svært positivt med tanke på kor hardt ramma reiselivsnæringa har vore på grunn av korona.

Kristin Krohn Devold NHO Reiseliv

BYFERIE: Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv oppmodar nordmenn til å reise til litt større stader framover. Hotella i fleire store byar har hatt få besøkande i sommar.

Foto: Per Sollermann / NHO Reiseliv

– Mange har fått ein betre juli-månad enn frykta, og i dette tøffe 2020-året vil kvar einaste månad med inntekt telje.

Ho seier vidare at tilbakemeldingar som har kome frå hotella er at fleire gjester seier at dei er heilt sikre på at dei vil kome tilbake.

– Den langsiktige positive effekten er at veldig mange nordmenn har blitt gledeleg overraska over alle dei perlene som vi har i eige land.

Nesten tomme hotell i dei store byane

Men alt er ikkje berre positivt. Devold seier at hotella i dei største byane slit og har berre eit belegg for mellom 20 og 30 prosent.

– Veldig mange rapporterer om tomme ordrebøker når august kjem. Så vi er heilt avhengig av å få inn utanlandske turistar frå og med i dag.

Ho seier at god marknadsføring for å trekke utanlandske turistar til Noreg vil vere avgjerande for å redde sesongen i august og september.

Håper på tyske turistar

Tilbake i Gloppen gleder hotellsjefen seg over den store pågangen. Tidlegare denne veka måtte dei hjelpe folk som ikkje hadde fått sengeplass for natta.

– Det var fullt på absolutt alle hotell i område. Det er fantastisk bra.

Gloppen hotell

FULLT OPP: På Gloppen hotell opplev dei høg trafikk.

Foto: Gloppen Hotell

Mot midten av august vert det noko rolegare, seier Moen. Då håper han at dei utanlandske turistane skal fylle hotellromma.

– Eg håper det kjem litt tyske turistar mot slutten av august og tidleg september, seier han og vedgår at det kan bli tøft dersom bestillingane ikkje tek seg opp.

– Eg tykkjer det er spanande uansett om det er gode eller dårlege utfordringar. Alt kan jo løysast, seier han optimistisk.