Hopp til innhold

Dina (17) er allereie treft – snart kjem andre pollenbølge

Pollensesongen er godt i gang langs kysten. Snart må heile landet finne fram medisinen.

Pollensesongen igang.

Dina Søgnen frå Gaular er godt i gang med bruk av medisin mot pollenallergi.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

«Atsjooo!»

Eit like sikkert vårteikn som at det blir lysare om morgonen, er at du høyrer eit nys gjennom skulekorridoren.

Pollensesongen er i gang.

Det har Dina Søgnen frå Gaular i Sunnfjord fått kjenne på.

– Det verste er når det klør i auga, seier 17-åringen som går på Dale vidaregåande skule.

Ho er ein av dei i Vestland og Møre og Romsdal som først får kjenne på irriterte auge og rennande nase.

Her er nemleg pollensesongen for tresortane or og hassel alt i gang.

– Pollensesongen startar først på Vestlandet i midten av februar. Det har han gjort i år også, seier pollenanalytikar Hallvard Ramfjord.

Hallvard Ramfjord

I Ørsta og Førde vart det registrert pollen frå or og hassel allereie 20. februar, ifølge Hallvard Ramfjord ved Noregs Astma- og Allergiforbund.

Foto: Morten Waagø / Morten Waagø

Andre pollenbølge

Ein million nordmenn har pollenallergi, ifølge Noregs Astma- og Allergiforbund (NAAF).

Dei bør gjere som Dina og starte medisineringa før andre pollenbølge kjem i slutten av april.

Pollensesongen for bjørk og salix startar mellom 25. og 29. april.

– Det er viktig å ta medisinar to til tre veker i forkant for å få best mogleg effekt, seier Ramfjord.

På apoteka har dei første kundane byrja å kome for å hente medisin mot pollenallergi.

– Nokon har kome tidleg for å hente medisin, men ikkje alle er like flinke, seier Timea Juraszik ved Vitus apotek i Førde.

Pollensesongen igang.

Det tar seg opp med kundar som hentar medisinar i mars, fortel apotekar Timea Juraszik.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Pollenvennleg ferie

Det er meir enn medisinar som kan gjere kvardagen lettare for dei med pollenallergi.

Ein kan sjekke NAAF sitt pollenvarsel, og skal ein til utlandet kan ein sjekke kor mykje pollen det er i landet du skal besøke gjennom Europakartet.

Men er pollensesongen godt i gang der du er, har Dina frå Gaular nokre gode tips for å minimere skadane.

– Då er eg litt meir innandørs og skyl auga godt. Det pleier å funke for meg, seier 17-åringen.

Pollensesongen igang.

Medisinen er alltid med for å gjere kvardagen med pollenallergi lettare.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK