Hopp til innhold

Digital mobbing meld til politiet

Barneskuleelevar stal passord og la ut manipulerte bilete på interne nettsider.

Fronter

LÆRING: Plattforma Frontar skal nyttast som arbeidsverkty, men er blitt misbrukt til mobbing. (Skjermdump av nettside)

Mobbinga skjedde på læringssystemet Fronter, som blir nytta av grunnskulane i Førde, skriv Firda 20. april. Det skal vere snakk om verbal mobbing og manipulerte bilete der den mobba er plassert inn i samanhengar som «ikkje er særleg kjekke».

Ikkje overraska

– Dette er ikkje akseptabelt, men ikkje særleg overraskande. Mobbinga er blitt flytta til dei digitale media, seier kommunalsjef Helge Sæterdal til NRK.

Han meiner det er spesielt alvorleg at barneskuleelevar har stole identiteten til medelevar og nytta deira namn til mobbing. Difor er saka meld til politiet.

– Eg trur vi skal finne ut kven som står bak, seier Sæterdal, som ikkje veit korleis mobbarane fekk tak i private passord.

Vil førebygge

Han seier kommunen heile tida jobbar med å førebygge slike hendingar, og at det er særleg viktig når det er snakk om så unge elevar.

Dette tilfellet vart oppdaga når ein elev tok det opp med læraren.

– Vi er meir opptekne av å førebygge enn å straffe. Dei som har gjort dette er først og fremst tankelause, meiner Sæterdal.