Hopp til innhold

Difor kollapsa brua under støyping

Vegvesenet veit no kvifor ei bru kollapsa under støying på Bremangersambandet. Entreprenøren har forklart at dei underdimensjonerte forskalinga.

Bru Bremangersambandet II

KOLLAPSA: Det var folk til stades då uhellet skjedde, men til alt hell vart ingen skadde. Brua kollapsa rett før ein var ferdig med støypearbeidet.

Foto: Statens vegvesen

Det skriv Fjordenes Tidende.

Til alt hell vart ingen skadde då ei åtte meter lang bru kollapsa sist fredag. Brua var under bygging på Bremangersambandet II i Leirgulen i Bremanger.

Det var tidleg klart at eit eller anna hadde svikta under støypinga, men akkurat kva som hadde gått gale kunne Vegvesenet ikkje seie med det same.

Underentreprenøren Volda Bygg har no levert inn ei avviksmelding etter hendinga, der dei forklarar kva som gjekk gale, skriv Fjordenes Tidende. Ifølgje prosjektleiar Susanne Svardal i Vegvesenet er årsaka at ein har undervurdert horisontalkreftene som oppstår ein byggjer ei bru i sving.

– Det er stort tverrfall på denne brua. Vegen går i ein sving der, og er dosert ganske kraftig. Det betyr at brudekket ikkje er horisontalt.

– I tillegg til tyngde nedover får ein då krefter sidelengs når ein støyper. Det var desse horisontalkreftene Volda Bygg hadde tatt for lite omsyn til då dei dimensjonerte forskalinga, og ein fekk då ein kollaps, seier ho til avisa.

Ifølgje Svardal må Volda Bygg stå til ansvar økonomisk for uhellet, dei må også ta igjen alt arbeidet som uhellet har medført.