Hopp til innhold

Difor kan du glede deg til ferien

I vinterferien er det ingen unnskyldning for ikkje å komme seg i aktivitet.

Skiløypene i Stryn

NYT HELGA: Statsmeteorologane lovar flott skiver både i helga og utover i veka.

Det blir utruleg fint ver til godt ut i neste veke.

- Det ser iallefall slik ut på karta mine. Det ser ut til å bli pent, seier statsmeteorolog Rasmus Myklebust om dei første dagane av den kommande vinterferien.

Fint til onsdag

Med snømengdene som har kome i vinter, og velhaldne både skisenter og langrennsløyper, skulle det med andre ord ikkje vere noko grunn til å ikkje komme seg i aktivitet.

Myklebust fortel at eit tynt skylag kan leggje seg over Sogn og Fjordane, men at det ikkje blir verre enn at solstrålane kan trengje igjennom.

- Prognosene viser ganske fint til og med onsdag. Då får vi ei omlegging med sørleg vind, temperaturstigning og nedbør, seier Myklebust.

- Ver varsam

Myklebust minner likevel om at ein bør vere varsam dersom ein går tur i bratt terreng. Ifølgje NGI vil skredfaren liggje på kring 2, moderat skredfare i mesteparten av landet.

Farleg lagdeling i snøen gjer likevel at det kan vere lokalt større skredfare.

- Dei som skal på ski må hugse at vi har hatt ein kald vinter. Snøen blir på lag som eit kulelager, så ein skal vere varsam i bratte bakkar. Elles skal ein nyte helga no, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.