Hopp til innhold

Difor har billettane vore dyrare

Fleire Widerøe-passasjerar er frustrerte fordi dei opplever at det er langt billegare å fly til Oslo frå Florø, enn frå Førde. Flyselskapet skuldar på ein feil.

Førde lufthamn, bringeland

FEIL: Ifølgje Widerøe er det ein feil som har gjort til at passasjerane ikkje har funne billettar til 395 kroner frå Førde til Oslo den siste tida.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Jan Halvor Storkås er ein av passasjerane som har lagt til merke dei store prisskilnadene.

Han har over tid sjekka prisane til Widerøe og funne ut at i alle tilfella der prisen skilte seg så var det billegare frå kystbyen.

– Eg følgjer litt med på dette og har følgd med på prisnivået over tid. Kvar gong har tendensen vore at det har vore lurast for meg å køyre til Florø og fly til Oslo derfrå, seier han.

Kan spare over 1000 kroner

Det starta med at dottera til Storkås skulle på reise. Då fann dei ut at dei kunne spare 500 kroner kvar veg ved å reise frå Florø til Oslo, i staden for Førde-Oslo.

Det ferskaste dømet hans er fly til Oslo den 15. november med retur 17. november. For tur-retur Førde-Oslo er billegaste billetten 2035 kroner, for Florø-Oslo kostar det 935 kroner.

Det betyr at det altså er 1100 kroner å spare med å ta turen til Florø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Florø lufthamn

BILLEGARE: Jon Halvor Storkås har følgd med på prisane over tid og funne at det som regel er billegare å reise til hovudstaden frå Florø enn frå Førde.

Foto: Birger Meland / NRK

Spør om det er ein bevisst strategi

Storkås har snakka med fleire som har funne ut det same.

No lurer han på om Widerøe har eit mål med denne prispolitikken – å få passasjerar frå Førde til å velje flygingar frå nabobyen i staden.

– Du gjer deg nokre tankar i forhold til den historikken vi har i samband med at dei tok over i Florø, seier Storkås.

Skuldast feil som no er retta opp

Informasjonsrådgjevar Catharina Solli i Widerøe seier dei slett ikkje prøver å vri trafikken over frå Førde til Florø.

– Det har så absolutt ikkje vore meininga, vi har ingen bevisst strategi på det, seier ho.

Solli seier at ein feil har gjort at lågprisbillettar til 395 kroner i ein periode ikkje har vore tilgjengeleg frå Førde.

– Slik skal det ikkje vere og slik vil vi ikkje ha det, slår ho fast.

No har Widerøe rydda opp i problema, lovar informasjonsrådgjevaren.

– No skal det vere billettar til 395 kroner tilgjengeleg frå Førde til Oslo. Det er slik det skal vere og det er slik det er i Florø i dag.