Hopp til innhold

Promillekøyring, kverulering og bråk - natta hadde det meste

Det har vore ei ny fuktig natt for i trivselsfylket. Det viser også att på politiloggen.

Klokka 00:18, Førde

Melding om to kverulante gjester ved ein skjenkestad. Politiet rykkjer ut til staden, utan at det såg ut til å hjelpe med det første. Dei to personane fekk pålegg om å gå frå staden og fann det då best å følgje ordren.

Klokka 01:24, Sogndal

Ein rusa person vekkjer merksemda til både nattugler og ein skjenkestad. Vedkommande yppar til bråk hos dei han møter i sentrum. Politiet blir kontakta og leitar etter vedkommande, men utan resultat.

Klokka 01:59, Nordfjordeid

Bilfførar i slutten av tenåra blir anmeldt for promillekøyring. Utandingsprøve viser ein promille på 1,28. Han blir teken med til blodprøvetaking og fråteken førarkortet.

Klokka 02:15, Selje

Politiet rykkjer ut etter fleire meldingar om ordensuro i sentrum. Situasjonen har roa seg når politiet kjem fram.

Klokka 02:45, Øvre Årdal

Kvinne i 30-åra meldt for drikking på offentleg stad.

Klokka 03:02, Florø

Politiet ber helse om bistand når dei kjem over ei overstadig rusa tenåringsjente i sentrum. Jenta blir ettterkvart køyrde heim til foreldrene.

Klokka 03:54, Måløy

Ny overstading rusa person. Denne gang ein mann som ligg og søv i sentrum. Politiet tek hand om mannen og køyrer han til ein langt betre stad å sove; heim til hans eiga seng.