Hopp til innhold

Dette kan du gjere du for å unngå pipebrann

Årleg skjer det tusenvis av pipebrannar i Noreg. Potetskrell kan vere med å hindre at det skjer hos deg.

Med dette gamle kjærringrådet kan du unngå pipebrann.

POTET I OMNEN: Mykje potetskrell igjen etter middagen? Hiv det i omnen for å unngå pipebrann.

– Spar på potetskrellet neste gong du lagar middag og hiv det i vedomnen, seier Eivind Ask i Flora brannvesen.

Minusgrader får folk til å fyre i omnen på jakt etter varme, noko som gjer vi er inne i perioden med flest pipebrannar. Den røynde brannkonstabelen meiner potetskrell kan gjere susen for alle vedomnar som treng ein reins. Eit godt, gamalt «kjerringråd».

– Potetskrell inneheld sink, som er med på å løyse opp soten som lagar pipebrann. Det må vere rå potet, så må du samstundes ha høg temperatur i omnen, seier Ask.

Ved ein pipebrann tek sot i skorsteinen fyr. Seinast natt til måndag måtte Flora brannvesen rykke ut til ein bustad i Florø der det tok til å brenne i pipa. Tal frå direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap syner at 13 prosent av alle brannar i 2016 starta i skorsteinen.

– Det er heilt klart tida på året for pipebrannar, seier Ask.

Pipebrann

RÅTT POTETSKAL: Ha god fyr i omnen før du hiv inn rått potetskal, seier Eivind Ask i Flora brannvesen.

Foto: ARNE STUBHAUG / NRK

Måten folk fyrer på er ofte årsaka til pipebrannar

Er du av typen som vil ha minst mogleg trekk når du fyrar, så bør du slutte med viss du vil unngå pipebrann.

Eivind Ask

HUGS TREKK: Folk fyrar med for lite trekk, seier Eivind Ask i Flora brannvesen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Folk fyrar med for lite trekk og fyller omnen med ved. Utan trekk får ikkje brannen nok oksygen og det samlar seg sot, seier Ask.

Er uhellet først ute bør du ringe brannvesenet, men fram til dei er på plass kan du gjere bøtande tiltak.

– Finn ei sprayflaske som du fyller med vatn. Opn omnen og spray forsiktig inn i omnen, noko som vil danne ein god slukkeeffekt oppover pipa, meiner Ask.

– Korleis vil ein merke ein pipebrann?

– Det er ofte naboen din som oppdagar flammar og røyk frå pipa, og bankar på døra di. Merkar du at pipa di er varm veldig lenge etter at du har fyrt, så kan det vere snakk om pipebrann.