Hopp til innhold

Dette er julenissen si eiga kyrkje

Rundt år 1250 vart Undredal stavkyrkje vigsla til St. Nikolas. 800 år seinare har helgenen gjeve inspirasjon til vår moderne julenisse.

Kyrkja i Undredal

KYRKJE FRÅ 1147: Undredal stavkyrkje ligg ved Sognefjorden og vart vigsla til St. Nikolas rundt år 1250.

Foto: NRK

- Dette er ei historie som kjem for lite fram i samband med Undredal stavkyrkje, seier Svein Flaam Kant.

Han er levande oppteken av den vesle stavkyrkja ved Sognefjorden, og meiner den definitivt må kunne kallast julenissen si eiga kyrkje.

Saman med over 2000 kyrkjer

Og grunnen til det er enkel: Undredal stavkyrkje vart i si tid vigsla til St. Nikolas - i våre dagar hovudinspirasjonen til julenissen.

St. Nikolas var biskop i Lykia på 300-talet, og vart rekna som helgen to hundre år seinare. Sidan den gongen er over 2000 kyrkjer i Europa blitt vigsla til han.

Mellom dei er Undredal stavkyrkje, som vart bygd i 1147. Rundt år 1250 vart kyrkja vigsla til St. Nikolas.

- Gjer som Drøbak og Rovaniemi

No meiner Flaam Kant at Aurland i langt større grad bør nytte seg av stavkyrkja i marknadsføringa av kommunen som reisemål.

- Det er jo julenissen si eiga kyrkje. Kvifor ikkje skape blest om det, slik dei har gjort det rundt julenissen sitt postkontor i Drøbak. Og sjå på Rovaniemi, som vert marknadsført som julenissen sin heimstad - folk reiser dit for å sjå, seier Flaam Kant.

Han var på 1980-talet med og starta opp Flåmsbanens venner, og ønskjer å trekkje fleire turistar til bygda. Flaam Kant viser til at den vesle og intime stavkyrkja som svært spesiell, og kan passe som ei typisk julekyrkje.