Hopp til innhold

Dette bør du gjere når det lyner

Sommaren er høgsesong for lynnedslag i Noreg. Her er nokre tips til kva det er lurt å gjere om det torar og lynet slår ned nær deg.

VOLDSOMME KREFTER: Det var store krefter i et lynnedslag som slo ned i nabohuset til Hege Ripegutu på Stord sommeren 2019.

VELDIGE KREFTER: Det var store krefter i eit lynnedslag som slo ned i nabohuset til Hege Ripegutu på Stord sommaren 2019. Juli og august byr ofte på eit veldig lyn- og torevêr.

– Når eit lyn slår ned vil det vera farleg å opphalde seg 100 til 200 meter frå der det slo ned, seier Svein Thore Hagen.

Han er professor i elkraftteknikk og lynekspert.

Sommarmånadane er tida for lyn- og torevêr. Her er ekspertane sine viktigaste hugsereglar om lyn.

Unngå store sletter

– Om du er ute på ei open slette, utan noko høgare enn deg sjølv rundt, er det større sjanse for at du vert treft av lyn, fortel Julie Solsvik Vågane.

Ho er statsmeteorolog og fortel kva Meteorologisk institutt anbefaler å gjere i situasjonar der lyn slår ned i bakken. Rådet er klart:

– Unngå å vera det høgaste punktet. Lynet vil søkje etter det høgaste punktet og ofte slå ned der.

Er du på ein fjelltopp, kan du fort bli det høgaste punktet der. Kom deg ned i lågare terreng, eller søk ly i ei fordjuping eller under ein stein.

Lyn sandessjøen

HØGASTE PUNKT: Lyn vil oftast slå ned i det høgaste punktet. Her slår det ned i ei mast i Sandnessjøen.

Foto: Nina Haraldsø

Søk ly – men ikkje under tre

Om du er ute og det lyner kan det vera lurt å søke ly.

Men då må du ikkje finne på å stille deg under det høgaste treet.

Hagen syner fram ein video av eit lyn som slår ned i eit tre. Treet eksploderer.

– Dette er enorme krefter. Det er snakk om millionar meir enn eit menneske kan tole.

– Gøym deg heller under ein lågtliggande stein eller noko anna som ikkje er det høgaste punktet. Ligg lågt i terrenget, fortel Vågane.

En tre uten bark.

SKRELTE TRE: Lynet skrelte av barken i eit tre i Asker sommaren 2019.

Foto: Christophe Pouchoulin / NRK

Set kursen mot land

Hagen fortel at ein bør halde seg vekke ifrå vatn om det er torevêr. Lyn kan nemleg slå ned i vatn og sjø like enkelt som på bakken.

– Ein båt vil stikke seg ut på havet og tiltrekke seg lyn i nærleiken.

Er ein i båt, bør ein derfor halde avstand til masta, legge seg ned i båten eller gå ned i kabinen. Og set kursen mot land.

Vågane legg til at Meteorologisk institutt ikkje anbefaler nokon å ta ei symjetur om det er meld lyn. Det er fordi vatnet leiar straum, og ein kan bli råka sjølv om lynet slår ned eit stykke frå der ein er.

Lyn i Hardangerfjorden

NED I SJØEN: Her slår lyn ned i Hardangerfjorden.

Foto: Privat

Bil er framleis trygt

– Det er veldig trygt å sitte i ein bil under torever. Helst med dører lukka, fortel Hagen.

Han forklarar at det er fordi metallkarosseriet beskyttar mot lynet.

Han legg til at det også er veldig trygt å opphalde seg heime.

Sjekk vêrmeldinga

– Det er lurt å halde seg oppdatert på vêrutviklinga, fortel Vågane.

Meteorologisk institutt sender ut farevarsel om det kjem mykje lyn.

– Ser du ein gul trekant på staden du søkje vêrmelding for på YR, kan det vera lurt å lese seg opp på kva det betyr, og kva forholdsreglar ein bør ta.

Meteorologisk institutt har også eiga nettsida for lynobservasjonar i sanntid. Der kan ein sjå direkte kvar lyna slår ned.

– Om ein er redd for at lyn- og torevêret nærme seg, så kan ein gå inn der og sjå kor langt unna lynet er akkurat no, fortel statsmeteorologen.

– Det er ein ekstremt liten sjanse for å bli treft av lynet. Ekstremt sjeldan og veldig uflaks. Men det er ikkje noko å spøke med.

Lynnedslag i Førde, Sunnfjord

I FJELLET: Her slår lynet ned like utanfor Førde i Sunnfjord kommune.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK