Hopp til innhold

Desse tabbane kan koste deg dyrt

Storkontroll på buss og bybane har kanskje gitt ei aha-oppleving for mange denne veka. Se nokre av tabbane mange kollektivreisande gjer.

Bybanen i Bergen

STOR KONTROLL: På buss og bybanen i Bergen var det storkontroll av billettar tysdag. – Poplulært, seier kommunikasjonsrådgjevar i Skyss.

Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen

Ingrid Dreyer i Skyss

I SKYSS: Ingrid Dreyer er kommunikasjonsrådgjevar i Skyss.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

– Folk gjer mange feil, seier Ingrid Dreyer i Skyss.

Skyss har denne veka storkontroll på kollektivtrafikken i Bergen. Dette gjer dei fordi dei vil hindre at gratispassasjerar stel av inntektene som trengst for å drive kollektivtilbodet i byen.

Kontrollen skjer ved at bussen eller bybanen står i ro på haldeplassane medan kontrollen går føre seg, og mange får seg overraskingar med gebyr på 750 kroner, sjølv om kontrollen hadde vore varsla på førehand.

– Ein av dei feila folk gjer er at folk gløymer legitimasjon når dei har krav på rabatt som til dømes studentrabatt, ungdomsbillett eller liknande, seier Ingrid Dreyer som er kommunikasjonsrådgjevar i Skyss.

– Du må sjølv kunne dokumentere dersom du har krav på rabatt, seier ho.

Unnskylder seg

Som passasjer har du plikt til å sørge for at du har ein gyldig billett, men Skyss viser skjønn ved nokre tilfelle. Du har mogelegheit til å klage dersom du meiner du har fått gebyr på urett grunnlag.

– Folk blir gjerne litt flaue viss dei vert tatt i kontroll, og så kan det hende at ein finn på unnskyldningar om at ein har gløymt å kjøpe billett, seier Ingrid Dreyer i Skyss.

Skyss har tidlegare hatt kampanje der typiske unnskyldningar vart slått opp på plakatar på buss og bybane.

– Folk sa at billetten hadde blåst bort, at hunden hadde ete den, eller slike ting. Vektarane høyrer litt forskjellig, men som regel innrømmer folk det viss dei har gløymt å kjøpe billett, seier Dreyer.

– Må registrere billett

Registeringsmaskin på Bybanen

REGISTRERAST: Periodebillett og klippekort skal registrerast på buss eller bybane.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Ein av feila mange gjer, er å ikkje registrere billetten dei har kjøpt når dei kjem på bussen eller bybanen. Ingrid Dreyer seier dei forskjellige billettane vert behandla litt ulikt.

– Ein feil me ser er at folk har kjøpt billett i kiosk eller butikk, og så har dei gløymt å aktivere eller starte billetten på kortlesaren om bord. Det same gjeld for klippekort, for då må ein fysisk taste på kortlesaren for å fysisk trekke eit klipp, seier Ingrid Dreyer.

– Viss du har periodebillett må du aktivere det første gong du brukar det slik at perioden byrjar, seier ho.

Burde ikkje ein periodebillett på eit kort gjelde frå du kjøper billetten, og at ein på den måten kan sleppe å registrere kortet?

– Det kjem an på korleis ein ser det. Viss du kjøper ein billett i ein kiosk eller i ein butikk, så kan det vera at bussen eller banen er eit stykke unna, og då er det uheldig viss billetten gjeld med ein gong du går ut av butikken, så difor må ein sjølv starte billetten, seier Dreyer.

– Ingen rabatt på rabatten

Mobilbillett kjøpt via applikasjon skal som regel gå fint, men det er mykje du må hugse på her. Du må mellom anna passe på å ha batteri på telefonen, og du må kjøpe billett før du går om bord. Ved nattavgangar må eigen nattbillett nyttast.

Alle billettar er upersonlege, noko som vil seie at ein billett kan brukast av andre, men det er berre ein person om gongen som kan reise på billetten. Personen som reiser på billetten må ha dokumentasjon på krav av rabattar.

Ein vaksen på enkeltreise kan ta med seg eitt barn gratis, barn som er opp til og med 15 år gamle. Barn under 4 år reiser gratis. Men, familierabatten gjeld ikkje ved bruk av periodebillettar.

– Me har eit prinsipp som lyder slik at ein ikkje kan få rabatt på rabatten, og når du har periodebillett så kan du reise så mykje du vil i perioden. Stykkprisen per reise kan bli ganske lav, så viss du har med deg eit barn må du reise for fullpris for vaksen, seier Dreyer.

– Viss du har ein periodebillett som er gyldig for ein vaksen så kan du kjøpe enkeltbillett til barna, seier ho.

– Populære kontrollar

Med gebyr på 750 kroner er det kanskje openlyst at det lønnar seg å kjøpe billett, og Ingrid Dreyer seier Skyss er avhengige at alle bidrar med å betale for seg.

– Det er eit stort spleiselag med kollektivtrafikk, og me er avhengige at alle betaler for seg slik at me kan legge til rette for eit godt tilbod for alle. Når mange snik, så mistar me inntekter som kunne gått til betre tilbod, seier ho.

– Me opplever at billettkontrollane er populære. Dei aller fleste betaler for seg, og mange irriterer seg gjerne over at snik og slepp unna. Me får faktisk mange førespurnader om me ikkje kan ha fleire kontrollar, legg ho til.

Kva meiner du om billettkontrollen denne veka? Skriv di meining i kommentarfeltet under artikkelen.