Hopp til innhold

Denne er det nesten ingen som torer å snika på

I Hordaland er det berre 0,5 prosent som snik i kollektivtrafikken. Hyppige kontrollar gjer at svært få vågar å ta sjansen på ein gratistur med buss eller bybane.

Bybanen i Bergen

LITE SNIKING: Kun 0,5 prosent av passasjerane i kollektivtrafikken i Hordaland vel å ikkje betala for seg.

Foto: Knut Opeide/Statens vegvesen

– Personleg skjønar eg ikkje kvifor nokon har lyst til å sitje på bussen eller bybanen og speide etter vektarar med hjartet i halsen, seier Tommy Sekkingstad, områdeleiar i Securitas i Bergen.

Han kontrollerer at passasjerane i kollektivtrafikken i Bergen har kjøpt billett før dei går om bord. Og slike kontrollar er det mange av.

– Vi har kontrollar kvar einaste dag frå Bybanen og bussane byrjar å gå, til dei sluttar å gå. Det er ingen tider det går an å snike, du kan bli teken døgnet rundt.

Og vert du stoppa av ein vektar utan gyldig billett får du ei klekkeleg bot på 750 kroner.

Tommy Sekkingstad

KONTROLLERER: Områdeleiar i Securitas i Bergen, Tommy Sekkingstad, har gjennomført mange kontrollar dei siste åra.

Foto: Marita Skeie / NRK

– Ei god investering

Når Bybanen byrja å gå sommaren 2010, fekk den fort kallenamnet «snikebanen».

Då var det dobbelt som mange som sneik på det nye kollektivtilbodet enn på bussane.

Men dei hyppige kontrollane har gjeve resultat. Kun 0,5 prosent av passasjerane i 2012 sneik i kollektivtrafikken i Hordaland. I Oslo er det 4 prosent som vel å gjere det same.

– Eg er veldig glad og stolt på bergensarane sine vegner for at dei gjer opp for seg før dei går på bussen eller bybana, seier direktør Oddmund Sylta i Skyss.

Skyss-direkør Oddmund Sylta

NØGD: Direktør Oddmund Sylta i Skyss

Foto: Skyss

Han vil likevel ikkje seie kor mykje billettkontrollane kostar selskapet.

– Men vi ser at det er ei god investering, fortel Sylta.

Feil å snika

Dei fleste passasjerane tykkjer også det er feil å snika.

– Om ikkje folk betalar for å bruke Bybanen, så går det jo dårleg. Det er kjempeviktig at ein gjer opp for seg, seier ei kvinneleg passasjer.

– Det er altfor dyrt å bli teken i kontroll, legg ho til.

Tommy Sekkingstad i Securitas tykkjer heller ikkje det er særleg stas å gi passasjerar ei bot på 750 kroner.

– Ein perfekt dag for meg er om alle har billett og min jobb vert berre å kontrollere og ønskje passasjerane ein god dag vidare, smiler han.