Brannvesenets naud-teneste kan hjelpa i koronakrisa

Pasientar kan møta lege og sjukehus via mobilen. I København tar dei systemet i bruk i morgon.

Nytt system for varsling av branner 110-sentralen Hordaland

LEVANDE BILDE: Ein SMS er alt som skal til for å setja i gong ein videokonferanse. Brannvesenet har allereie tatt teknologien i bruk.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Du føler deg sjuk og sender ei melding til fastlegen. Legekontoret sender ei melding tilbake til deg med ei lenkje.

Trykkjer du på denne og gir programmet tilgang til mobilkameraet, får du kontakt med fastlegen på video.

Dette er i korte trekk teknologien som utviklarane trur kan hjelpa Helse-Noreg:

  • Færre helsepersonell treng bli eksponert for koronasmitte.
  • Helsepersonell i karantene kan halda fram med å hjelpa pasientane sine.
  • Pasientar som er spesielt sårbare for koronaviruset, treng ikkje møta på legekontoret og utsetja seg for smitte frå andre.

Brann-hjelpemiddel

Systemet er allereie i bruk internt i brannvesenet, mellom anna for at folk så raskt som mogleg skal kunna senda video frå brannar. No blir SMS-tenesta lansert for helsepersonell, AMK-sentralar og sjukepleiarar.

– Koronapandemien fører til stor press på helsetenesta, og vi vil gjerne bidra i dugnaden med vår kompetanse. Med dette systemet blir helsepersonell og pasientar i minst mogleg grad utsette for smitte, seier dagleg leiar Kjell Thore Olsen i selskapet Ocean SAR.

Dei står bak teknologien saman med det danske selskapet Incendium.

I haust skreiv NRK om korleis systemet vert nytta av 110-sentralen ved brann og andre større hendingar.

Status Norge

Sist oppdatert: 06.07.2020
8930
Smittet
11
Innlagt
252
Døde

Suksess i Danmark

– Slik kan ein heller nytta denne metoden enn å møta opp hos lege eller legevakt. Det vil hindra mykje smitte og kan spesielt vera nyttig for risikopasientar, seier Olsen.

Systemet har allereie vore i bruk i region syd i Danmark i halvtanna døgn. På den korte tida blei det sendt heile 500 SMS-ar, fortel Olsen.

Så långt har 25 legar og sjukepleiarar i nabolandet tatt i bruk tenesta. Måndag vil systemet verte teken i bruk i København og Nord-Jylland.

Utviklaren har varsla både statsministeren og helseministeren i Noreg om at tenesta er klar til bruk.

SMS-app i helsetjenesten

I BRUK: Tenesta har allereie blitt tatt i bruk i mellom anna i Danmark der tilbakemeldingane har vore gode.

Foto: Ocean SAR AS

Brukarvennleg system

Kommunaldirektør Robert Rastad i Bergen kommune fortel at erfaringane frå brannvesenet er gode. Dei nyttar tenesta til dømes for å få bilete frå krevjande brannar eller når ein treng å oppretta kontakt med folk.

Kommunen har allereie fått tilgang til systemet slik at det kan bli nytta av helsepersonell.

– Dette er eit system vi har gode erfaringar med. Eg har spelt det vidare til våre folk i kommunen og har dialog med leverandøren, seier Rastad.

Kommunaldirektøren meiner det er så lett å bruka at òg dei eldre kan få det til.

– Det einaste kravet er at du må senda ein SMS og ha kamera på telefonen. Det går eg ut frå at dei fleste har i dag.

Korleis tek systemet omsyn til personvernet?

– Detaljane rundt dette held vi no på å diskutera. Vi kjem ikkje til å ta lett på personvern, men i den situasjonen vi er i no, trur eg det å hjelpa dei som har eit kritisk behov for kontakt med helsetenesta vil overstyra andre omsyn, seier Rastad.

Robert Rastad

POSITIV: Kommunaldirektør Robert Rastad seier teknologien allerede er velprøvd. Han håpar appen kan nyttast i helsetenesta så snart som mogleg.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Status Norge

Sist oppdatert: 06.07.2020
8930
Smittet
11
Innlagt
252
Døde