– Det ser ut til at det kan bli mykje av den plagsame brunsneglen i år, men det er heldigvis gode råd bli kvitt dei, fortel hageekspert Anne Tafjord-Kirkebø.
Brunskogsnigle, også kjend som mordarsnigle og iberiasnigle, kan vera eit stort problem for bønder og dyrkarar. Snigelen har spreidd seg over store delar av landet dei siste åra, og et opp plantar og skapar mykje misnøye blant norske hageeigarar.
– Ligg til rette for eit rekordår
Brunsneglen legg egg ifrå juli og utover hausten. I fjor fekk dei leggja egg fram til november og ein mild vinter med lite frost har gjort at egga til snigelen har fått liggja i fred, fortel hageeksperten.
– Med ein gong temperaturen går over 4 grader byrjar snigelen å aktivere seg. Februar har vore ein fin månad, det gjer at dei har fått gode levevilkår. I år ligg alt til rette for at det kan bli rekordmange sniglar, fortel Tafjord-Kirkebø.
Rydd hagen
Mange slit med å få sniglane vekk frå hagane, men det er mykje ein kan gjere for å bli kvitt dei. Visst ein tek våronna allereie no, kan du spara deg for mykje irritasjon.
– Fjern alle døde blad og gras, det er nemleg fuktig, og der får snigelen ly. I rotfeste på det nye ugraset ligg snigelen og kosar seg.
I staden for å bruke timevis på å fjerne ugras om ein månad kan du gjere no på få minuttar, fortel Tafjord-Kirkebø.
– Akkurat no er det så lett å fjerna ugraset, for det sit ikkje fast. No er det berre å løfte det rett opp. Då vil du sleppa problema med denne snigelen.
Ikkje kast vekk ølen
Det er mange ulike råd for å bli kvitt snigelen, men ein skal ikkje tru på alt ein høyrer, ifølgje hageeksperten. Salt, kjemikaliar og øl er somme av metodane som vert nytta.
– Å sette ut øl i bøtter i hagen er eit av tipsa som folk nyttar seg av. Det har lite for seg.
- LES OGSÅ:
– Det har ingenting for seg. For å vera heilt ærleg tykkjer eg det berre er alkoholmisbruk, ler Tafjord-Kirkebø.