- Sogn og Fjordane får ikkje dei største konsekvensane. Sør- og austlandet får mest vind og nedbør. I alle fall førebels, seier statsmeteorolog Oddlaug Neset ved Meteorologisk Institutt om stormsenteret som no byggjer seg opp i Nordsjøen.
- Det vil bli liten storm på kysten av Sogn og Fjordane på onsdag, men det er jo vanleg på denne tida, legg ho til.
Bedre vande i vest
Vinden vil ikkje bli noko sterkare på sør- og austlandet, men konsekvensane vil bli større.
- På vestlandet er liten storm nærmast ingenting. Austlandet er mindre tilpassa og geografien er annleis, seier Neset.
Ein vil likevel ikkje styre heilt klar av styggeveret i Sogn og Fjordane.
- Det kjem stadig nye lågtrykk. I tillegg til stormen på kysten vil det lokalt bli mykje vind i fjellet og ein del fallvindar i dalar og fjordarmar, seier Neset.