Hopp til innhold

Eritrearar ber om hjelp til sine landsmenn i Libya

Eritreiske flyktingar i Norge ber verdsamfunnet hjelpe landsmenn som no er på flukt i Libya.

Demonstrasjon for flyktningar i Libya

DEMONSTRERTE: Eritrearar frå Sunnfjord demonstrerte i Førde i dag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Måndag ettermiddag aksjonerte eritrearar i Sunnfjord for sine landsmenn i Libya.

Dei ønskjer å setje søkelyset på den vanskelege situasjonen som fllykningane no opplever i Libya. Beraki Zerai fortel at dei har fått fleire rapportar om overgrep mot flyktningar.

– Til no er det kjent at fire er drepne og at fleire er skadde. Fleire hundre er også bortført, seier Zerai.

– Blir behandla som kriminelle

Eritrea har dei siste 50 år vore prega av krigar og konflikter, blant anna med nabolandet Etiopia. Mange har søkt tilflukt i nabolanda.

Astrid Sehl i den Norske Flyktninghjelpen seier tilhøva for flyktingar i Libya var vanskeleg allereie før opprøret mot Mouammar Kadhafi.

– Libya er det einaste Nord-Afrikanske landet som ikkje har skrive under på FNs flykningkonvensjon. Flyktningane frå Libya blir meir eller mindre behandla som kriminelle. Dei risikerer å bli stoppa av politiet, arrestert og trakkasert, seier Sehl og legg til:

– Situasjonen til flyktningane var vanskeleg før, men er endå vanskelegare no når det har brutt ut væpna konflikt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Demonstrerte for sine landsmenn i Libya

ANSVAR: Beraki Zerai og Aman Beyene meiner norske styresmakter må gripe inn for å hjelpe minoritetsfolk ut av Libya.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Blir nekta å kjøpe mat

Sehl tykkjer det er flott at eritrearane i Sunnfjord demonstrerer for å gje sine landsmenn ein ny stad å bu i Europa.

– Det er farleg for dei å vende tilbake til Eritrea. FN prøver å få verdsamfunnet til å ta imot flyktningar frå Libya, men interessa er ganske liten. Her har Norge ein jobb å gjere, seier Sehl.

Zerai seier dei har høyrt at fleire flyktningar har blitt nekta å kjøpe mat.

– Dei er heilt uskuldige, men blir likevel behandla dårleg. Vi vil vise vår solidaritet, seier Zerai.

Lars Sigurd Sunnanå rapporterte frå Libya i dag:

Video Lars Sigurd Sunnanå rapporterer fra Libya

NETT-TV: Frå 7. mars 2011.