På Ullsheim i Markane i Stryn er hundrevis av skiskyttarar venta til norgescuprennet til helga. Snøkanonen har jobba på spreng dei siste vekene, for den ekte snøen har vore fråverande.
Løypeansvarleg Arvid Hatledal i Stryn turløyper sa for ei knapp veke sidan at dei trengde endå meir snø for å klare det, og han hadde festa sin lit til meteorologane som melde snø no i helga.
«Som om ein slo på ein brytar»
Og natt til måndag kunne han senke skuldrene, berre fire dagar før rennet.
– Det var svært kor det snødde eit par timar i natt. Det er som dag og natt og sjå i høve til i går. Det kom 30–40 centimeter. Det var som om ein slo på ein brytar, og like fort stoppa det, men det var veldig effektivt, seier Hatledal.
Så sjølv om ikkje alle er like glad for snøen, var den meir enn velkomen på Ullsheim.
– Dette var heilt perfekt, det. For no har vi fått ut underlaget på løypene, og no blir det ei fin ramme rundt.
Tek gjerne imot meir snø
Måndag har dei hatt ein jobb å gjere med løypene, ikkje berre til rennet i helga, men også for turgåarane.
– Vi har tromla dei og laga flotte løyper i dag. Eg møtte nokon som hadde gått der no og dei var veldig godt nøgde. Det er veldig fine løyper innover no, så dette vart bra, seier Hatledal.
Og om det kjem meir snø takkar han ikkje nei.
– Eg kan godt ta ein slik sending til eg, flirer han.
Takka vere snømengdene som har kome det siste døgnet har snøkanonen fått kvile.
– Eg stengde den ned i går kveld då det begynte å snø, og det var kolossalt kor det lava ned då. Så den har kvilt seg sidan då. Vi får vurdere korleis det blir, men vi har vel for så vidt sikra det no, seier Hatledal.