Hopp til innhold

Jobbar for harde livet for å lage snø til skiskyttarrenn

STRYN (NRK): Når vêrgudane sviktar, stiller Arvid Hatledal opp for at Markane skal arrangere norgescuprenn for skiskyttarane. Han drøymer om minusgrader.

Løypesjefen jobbar døgnet rundt

DØGNET RUNDT: For å skaffe nok snø til skiskyttarane går snøkanonen for fullt natt og dag, seier Hatledal.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg var innom i går kveld i 00.30-tida og på plass att i dag 05.30 for å sjekke snøkanonen. Så har eg vore innom webkamera for å sjekke kanonen i løpet av natta, fortel løypeansvarleg Arvid Hatledal på Ullsheim i Markane.

Han bur meir eller mindre i løypene medan snøkanonane jobbar med å produsere snø for å få fine og gode løyper til norgescuprennet i skiskyting 22–24. februar. Det er ikkje lite snø som må til for å få trikkeskinne-spor gjennom løypene.

Treng mykje snø

– Vi treng eit par tusen kubikk for å klare det. I alle fall 1500 kubikk. Med dei vêrmeldingane som er i helga, trur eg vi skal klare det.

For å lage nok snø, har dei ein kanon som kan produsere snø på minus 3 grader - som i dag.

– Den fungerer godt. Den gamle kunne ikkje produsere før gradestokken viste minus seks.

Snøkanonen går for fullt

JOBBAR DØGNET RUNDT: Snøkanonen går heile døgnet for å produsere nesten to tusen kubikk med snø.

Foto: Silje Guddal / NRK

Taklar det meste av vêr

I løpet av natta og morgonkvisten har han flytta snø vekk frå kanonen og ut i løypa med traktor og med trakkemaskin. Det er mykje arbeid som blir gjort, som han ved eit solid snøfall kunne unngått.

– Det blir ein vane. Eg tykkjer det er slik kvar gong vi skal ha eit stort arrangement. Den vil ikkje komme av seg sjølv. Vi har også opplevd det motsette, men det taklar vi om vi skulle få ein meter med nysnø.

Han vedgår at han av og til har vore nær å miste trua fleire gonger opp gjennom åra, når produksjonen går trått og temperaturane ikkje har spelt på lag.

– Eg kunne ha mista motet fleire gonger. Men det har med erfaring å gjere. Eg følgjer litt med på vindretningar og ser ei veke framover. Austavêret er spesielt og når det først kjem, så har det ein tendens til å vare.

Drøymer om minusgrader

Snøen legg seg rundt kanoen, litt fuktigare der enn lengre vekk.

– Vi prøver å lage ei blanding slik at det skal bli best mogeleg. Til det vi skal bruke snøen til, gjer det ingenting om snøen er litt fuktig i underlaget i løypa.

Det er berre ti dagar til arrangementet. Hatledal trur det skal gå bra å få løypene plass og i god kvalitet.

– Ja, men det er stor forskjell på pluss null og minus null. Held det seg på minus null og kaldare skal vi få dette til. Vi skal klare det uansett. Men det er mykje betre å jobbe når det er minusgrader.